
Hannu Patronen er klar for Sogndal
(24.01.2012 19:59:00) | Skrive av: Eldar Skjeldestad Åsebø | 1502 visingar
Den finske midtstopparen har signert ein 2 års kontrakt.
Hannu Patronen var med A-laget under Vestlandsmeistarskapet i Bergen. Der han var involvert i begge kampane mot Haugesund og Sandnes Ulf. Han var også nære på å skriva seg på skåringslista i 3-0 tapet for Haugesund. Han imponerte sopass att Jonas Olsson og støtteapparatet har bestemt seg for å gje han kontrakt med Sogndal. - Me er glade for att Hannu kjem til Sogndal, og me ser fram til å integrera han med resten av klubben og bygda, seier Håvard Flo til sogndalfotball.no.
Hannu spelar midtsoppar, og han beskriv seg sjølv til sogndalfotball.no som ein spelar som er ganske rask, ikkje veldig høg, men ganske god på hovudet på grunn av den gode spensten sin. Han beskriv seg også som ein spelar som er komfortabel med ballen.
Trinidad og Tobago
Hannu er for tiden i Trinidad og Tobago med det finske landslaget. I løpet av opphaldet har Hannu vorte einig med Sogndal om ein kontrakt med lengde på 2 år. Han er ikkje speleberettiga for klubben endå, men dette skal gå i orden når han kjem til Noreg for få den medisinske testen gjennomført etter opphaldet i Trinidad og Tobago.
I løpet av tida i Sør-Amerika har Finland og Hannu spelt ein kamp mot Trinidad og Tobago, ein kamp som enda 3-2 til dei blå-kvite. I morgon skal dei spela ein ny kamp mot OL-laget til Trinidad og Tobago, der Hannu antakeleg kjem til å spela heile kampen.
Hannu kjem frå den svenske klubben Helsingborgs If, der han har spelt 44 kampar i Allsvenskan og notert seg for 2 skåringar. – Eg ser fram til å koma til Sogndal, i den vetle tida eg har vore der tidlegare i år har eg fått med meg att treningstilhøva i er veldig gode, seier Hannu på ei dårleg telefonlinje frå Sør-Amerika til Eldar Skjeldestad Åsebø i sogndalfotball.no.
- Gler seg
Hannu Patronen gledar seg til sesongen startar, og har allereie gjort seg opp ein meining om korleis han trur det vil gå med Jonas Olsson sine menn i årets Tippeligasesong. – Sogndal har veldig gode spelarar i troppen, med namn som Tore Andrè Flo og Eirik Bakke trur eg me kan vera med å hevda oss opp mot midten av tabellen, sjølv om det er litt tidleg å sei endå, fortel Hannu.
Finnen håpar å komma til Noreg og Sogndal som fort som mogleg, mest truleg dukkar han opp på sogndaltrening til månadsskiftet jan/feb. Me ynskjer Hannu velkomen til klubben!