Sogndal Fotball

 


Du er her : Startside  »  A-laget  »  Spelarstall  »  Spelarinfo

 

12. Piotr Leciejewski

Fødd: 23.03.1985 (25 år)
Posisjon: Keeper
Draktnummer: 12
Heimbygd: Legnica
Tidlegare: Korona Kielce
Polen
Tal kampar: 101
Keeper: 101
Bytta ut: 7
Gule kort: 4
Då Terje Skjeldestad måtte opererast framfor 2008 sesongen, måtte Sogndal ut og henta forsterkingar. Valget fall på polske Pjotr.

Og Pjotr skulle visa seg å vera ein skikkeleg gullfugl. Han tok utfordringa og viste seg fram som ein klassespelar. Det er heva over ein kvar tvil at han redda mange av poenga klubben tok sist sesong som til slutt gjorde at me fekk to bonuskampar mot Ålesund.

Allereie under fyrste seriekampen borte mot Bryne (1-0 til Sogndal), viste han kva kvalitetar han hadde. Piotr er ein særdeles tøff keeper. Han er uredd og sterk.

- Skal du ha stempelet klassekeeper må du vera passe "galen", seier Karl Oskar Emberland. Piotr er nettopp det, smiler trenaren.

Piotr kom til Sogndal frå den polske klubben Korona Kielce. Han er fødd 23.03. 1985 og er ein keeper mange vil ynskja i sin stall.

Han trives godt i Sogndal I tillegg til lagkameratane sine har han kusina si som jobbar som reinhaldar i klubben.

Han har ikkje heilt fått tak i sognamaolet, men ysnkjer å betra engelskkunskapen sin. So om du som les dette, har kunnskapen som skal til, so er det berre å ta kontakt.

Nr. 12. Piotr Leciejewski har spelt 38 kampar for Sogndal.

SesongKampar Mål 
2008 38
  • 30 Adeccoligaen
  • 2 Kvalifiseringsspel serie
  • 4 NM-cup
  • 2 Privat
  •   
    2009 35
  • 24 Adeccoligaen
  • 1 Kvalifiseringsspel serie
  • 3 NM-cup
  • 7 Privat
  •   
    2010 28
  • 14 Adeccoligaen
  • 2 NM-cup
  • 12 Privat
  •   
         

    Sogndal Fotball - Postboks 164 - 6851 Sogndal Tlf: 57 62 90 00 - Fax: 57 62 90 01 - E-post: post@sogndalfotball.no - Redaktor: Egil B. Mundal | Admin



    Sparebanken Vest Lerum