|
Du er her : Startside » A-laget » Spelarstall » Spelarinfo
|
|
10. Espen Olsen
Fødd:
13.03.1979 (31 år)
Høgde:
180
Posisjon:
Angrep
Draktnummer:
10
Heimbygd:
Lørenskog
Nasjonalitet:
Norsk
Tidlegare:
Lørenskog IF Strømmen IF HamKam Stabæk og Start
Tal kampar:
77
Midtbane:
24
Angrep:
35
Bytta inn:
18
Bytta ut:
41
Mål:
16
Gule kort:
3
Då Sogndal sikra seg underskrifta til Espen Olsen fekk dei ikkje berre ein god fotballspelar men også ein humørspredar av dimensjonar.
Espen Olsen kom til Sogndal sommaren 2008. Han har tidlegare spelt for Lørenskog IF, Strømmen, Ham Kam, Stabæk og Start. I Sogndal fekk han speletrøye nr. 10 etter sin gode kamerat frå Hamar, Tommy Øren.
Med sine 180 cm og ikkje oppgitte vekt, er han eit godt angrepsvåpen for Sogndal.
Olsen er fødd 13.03.79 men oppfører seg som om han skulle vera 10. Alltid smil og gode ord. I tillegg viser han ein stor iver til å læra seg Sognamaolet.
Espen er pappa til to og har saman med sambuaren no etablert seg i Sogndal.
Ein greier ikkje å karakterisera Espen utan å ta med ordet HUMOR. Han har eit enormt vinnande vesen som smittar over på heile laget.
- Dei sosiale egenskapande til Espen er særs viktig for eit fotballag, seier Karl Oskar Emberland. Gjennom Espen har me fått ein god fotballseplar som har gode referansar, men me har og fått ein humørspredar, avsluttar KO.
Fyrste målet kom i 1- 1 kampen mot Moss borte den 17.august ifjor, då han scora 0-1 målet etter 35 minutt av kampen. Det andre kom i siste speleminutt i 4-0 kampen mot Løv Ham heime den 25. oktober.
Sogndal håpar at Espen og familien finn seg vel til rette i fruktbygda og at nr.10 Espen Olsen har mykje å gi.
|
| Sesong | Kampar | | Mål | |
|
2008
| 14 | 13 Adeccoligaen1 Kvalifiseringsspel serie | 2 | 2 Adeccoligaen |
|
2009
| 36 | 26 Adeccoligaen4 NM-cup6 Privat | 4 | 3 Adeccoligaen1 Privat |
|
2010
| 27 | 14 Adeccoligaen4 NM-cup9 Privat | 10 | 7 Adeccoligaen1 NM-cup2 Privat |
| | | | | |
|
|