Sogndal Fotball

 


Du er her : Startside  »  Klubben  »  Historia  »  10 Media og Sogndal

Media og Sogndal

 

Revolusjonen starta i 1976 med cupeventyret. Brått var Sogndal interessant og godt stoff også i dei store media. Til og med NRK fjernsynet vakna til live og oppdaga det som var i ferd med å skje.

 
Bilete frå fotballkampar var slett ikkje vanleg tidleg i 1976-sesongen. Men det heile eksploderte då cupsuksessen tok av utover hausten. Ein ny media-revolusjon kom i 1986/87, og det siste tiåret fløymer det til tider over med fotballstoff i dei store avisene. Jamvel lokalavisene følgjer opp med brei dekning.

 

Situasjonen frå cupsuksessen i 1976 har klare parallellar til det som skjer denne sesongen, 25 år etter gjennombrotet. Sogndal er den store og positive overraskinga i tippeligaen, spelar offensiv og underhaldande fotball og tek publikum med storm. Publikumstilstrøyminga til Fosshaugane er større enn på lenge, og Brann-kampen (4-3) «frelste» truleg mange fotballsjeler.

 

I dag skriv faktisk dei store avisene om Sogndal og våre profilar når Sogndal sler Brann eller spelar uavgjort mot Odd og giganten Lillestrøm. Før var det kun «dei store» sine problem eller «krise» som vart omtala når Sogndal slo dei.  Det fortel at Sogndal Fotball har lukkast både på bana og at Sogndal har skapt ein profil som vekkjer interesse også i Akersgata, på Marienlyst og i TV2-huset på Nøstet i Bergen. Sogndal og Sogn og Fjordane sitt største teater får terningkast 6 hjå dei store mediaprofilane. For toppklubbane er det truleg like viktig å ha ein media-strategi på lik linje med ein sportsleg strategi.

 

Sogndal Fotball er kort og godt ein sensasjon, og den «vekkelsen» laget opplever frå folk i heile fylket, kan vera starten på eit nytt fotballeventyr, 25 år etter det forrige og denne gong i tippeligaen. At media også har oppdaga dette, gjev von om fleire «gullår» for Sogndal Fotball i Tippeligaen. For utan interesse frå aviser, radio og TV går klubben fort i gløymeboka. Dette har då også SIL-leiinga skjøna. Marknadsføringa av produktet Sogndal Fotball har lukkast takka vere ein god strategi, og spelarane har følgd opp ute på bana.

 

Med ny medieavtale i 2006 kom eit stort løft for norsk fotball i TV ruta. Løftet gav også Sogndal, trass i Adeccoligastatus, mykje merksemd. I 2008 sesongen vart Sogndal vist på direkte riksdekkjande TV heile 9 gonger. Fem av dei frå Fosshaugane Campus...

Meny

Skriv ut  

Sogndal Fotball - Postboks 164 - 6851 Sogndal Tlf: 57 62 90 00 - Fax: 57 62 90 01 - E-post: post@sogndalfotball.no - Redaktor: Egil B. Mundal | Admin



Sparebanken Vest Lerum