Sogndal Fotball

 


Du er her : Startside  »  Klubben  »  Historia  »  11 Møte med eventyrlandet

Møtet med eventyrlandet

 

Då styret og administasjonen i Norges Idrettsforbund og olympiakomitéen med president Kjell O. Kran, toppidrettssjef Bjørge Stensbøl og generalsekretær i NIF, Ivar Egeberg i spissen, la styremøtet sitt til Sogndal i midten av august i år, fekk dei stifta nærmare kjennskap med organisasjonen SIL Fotball, storhallen og idrettssenteret. Eit innblikk som tydeleg overraska styremedlemane og ikkje minst idrettspresident Kjell Kran.

 
- Eg likar det eg ser i Sogndal. Gløden og evna til å sjå muligheiter bør alle i idrettsnorge ta lærdom av, sa Kran mellom anna etter møtet med leiinga i Sogndal Fotball og Idrettssenteret. I nokre media vart dette omtala som møtet med Eventyrlandet eller Anleislandet. Idrettsbygda Sogndal har mykje å by på, og generalsektretær Egeberg konkludert slik etter møtet med Sogndal.

 

- Kombinasjonen idrett/skule, samspelet mellom breidde- og toppidrett og eit positivt ungdoms- og idrettsmiljø er viktige element i NIF sin formålsparagraf. Her får vi sjå det i praksis, sa Ivar Egeberg.

 

Eit blikk på SIL Fotball si utvikling dei siste 25 åra viser tydeleg at det er eit lite mirakel det som har skjedd med sogndalsfotballen, spesielt etter at storhallen og idrettssenteret/kompetansesenteret stod ferdig i 1998. Dette har gjeve SIL-fotballen ein ny dimensjon.

 

Utviklinga siste 25 åra fortel det meste om ein stadig aukande omsetnad i SIL Fotball. Frå beskjedne 400.000 kroner i 1976 til 2001 og 13 millionar er ein enormt sprang, nærmast ufatteleg. Sogndal har dei siste 25 åra (2001) spela ni sesongar i eliteserien, stikk i strid med alle «ekspertar» og «forstå-seg-påarar» i Akersgata. Det kan vera verdt å sjå nærmare på nokre tal og fakta som ligg bak denne suksessen.

 

Frå amatørfotball til profesjonell bedrift

 

Budsjett 1976: ca kr. 400.000
Budsjett 1981. Ca 800.000
Budsjett 1991. ca 4,5 mill
Budsjett 2001. Ca 13 mill


Som tala syner, auken fire-fem gonger for kvart ti-år. Skal Sogndal hengja med i norsk toppfotball, kan ein truleg snakka om 40-50 millionar på driftsbudsjettet i år 2011. Dette i følgje Rolf Navarsete som plar vita kva han snakkar om når det gjeld fotball og forretning. Var det nokon som snakka om utvikling??!!

 

1981: Forretningsførar i heil stilling, Svein Olav Haugen

Sogndal tidleg ute i den samanheng.
Ei nødvendig satsing for å ta endå eit steg vidare i utviklinga sportsleg som administrativt.

 

1986: Non-amatør fotball innført hausten -86

Spelarane kunne ha inntil 49% stilling i SIL-fotball, altså fotballen som deltidsjobb. Dette var ei stor og mental endring for spelarane som fekk fri til å kunne trena på dagtid. Etter ein heller laber sesong sportsleg, 6. plass, var innføring av non-amatør ei nødvendig styrking av SIL-fotballen sitt flaggskip framor 87-sesongen. Sportsleg vart det eit stort løft, og heilt nødvendig for å hengja med. Berre Lillestrøm tidlegare ute enn Sogndal med denne ordinga.

 

1991: Profesjonell fotball

Jostein Flo den første reelle proffen i SIL Fotball då han kom frå belgiske Lierse der han berre i periodar fekk spela, Lierse forøvrig med Kjetil Rekdal på laget. Stort øko-løft den gongen,og mange diskusjonar på «vetlakontoret» før avtalen med Jo-Flo var spikra.. Direkte suksess og ei god investering. For første gong kunne ein truleg snakka om «ein million» i fotballsamanheng i Sogndal. Kjøp og sal av spelarar var ein realitet. Seinare er proff-fotball ein del av kvardagen i Sogndal, men dei aller fleste spelarane har ein liten jobb eller studiar ved sida av fotballjobben. Dette etter krav og ønskje frå leiinga.

 

1989: Utbyggjing av Fosshaugane
- Eit moderne fotballstadion ein føresetnad for at Sogndal kunne bli ein klubb i eliteserien. Fosshaugane er lokomotivet som driv fotballen framover. Framtida vil syna at ei vidare modernisering og utbyggjing vil vera nødvendig på same måte for å hengja med. Betydningen av storhallen kan heller ikkje verdsetjast nok. Den gjev oss eit fortrinn og optimale treningsforhold,spesielt fordi vi har eit så flott samarbeid med idrettssenteret, fortel Rolf Navarsete

 

- Eit relativt moderne fotballstadion som dagens Fosshaugane, blir møteplassen der du må vera for å følgja med på det som skjer og vera oppdatert. Berre sjå på folkefesten i 4-3 kampen mot Brann. Eit gigantarrangement med opplegg for sponsorar og alt det praktiske elles. Eg vil tru ei slik oppleving freistar til gjentakting for dei som opplevde det. På same måten er storhallen blitt ein suksess og ein viktig møteplass, trass i dystre spådommar. Ingen i fotballnorge skjønar korleis vi har fått til eit drifts-konsept som vårt, seier ein stolt SIL-sjef.

 

I dag er fotball mykje meir enn sjølve spelet ute på bana. sponsorar, TV, publikum, supporterar, alle krev sitt og fasilitetane har alt å seia for korleis Sogndal sin posisjon skal bli i framtidas norske toppfotball, hevdar manager Navarsete.

 

- Difor må vi som er leiarar våga å seia høgt at bedrifta Sogndal Fotball skal veksa og ha eit driftsbudsjett på i alle fall 40 millionar om ti år. Vågar vi ikkje å tenkja så stort, ja, så vil vi heller ikkje vera med i neste tiårs toppfotball. Det betyr at Fosshaugane må byggjast ut vidare med tanke på flomlys og undervarme. Det kan høyrast i overkant flott ut, men er ei nødvendig vidareutvikling av toppfotballen og konseptet SIL Fotball, fortel Navarsete.

 

- Det kan kan bli fattigsleg for Sogndal på mange måtar viss me blir ståande utanfor det gode selskap. Toppfotball på Fosshaugane er nemleg den største kulturopplevinga for svært mange i dette fylket. Faktisk Sogn og Fjordane sitt største teater, hevdar SIL-guru Rolf Navarsete, mangeårig manager og «sjefstenkjar» saman med Svein Bakke.

 

Sogndal Tekniske Fotballskule
Ei storsatsing på dei mange talenta som kjem til Sogndal for å satsa på ein fotballkarriere. Også spelarane frå eigne rekkjer er med i denne eksklusive gruppa der også Eirik Bakke var med før han vart Leeds-spelar. Bakke var den første som gjekk ut med fullført «eksamen» frå STF!

 

-- Dette er vårt nisjeprodukt. Vi skal bli best i landet på talentutvikling og sportsleg utvikling i det heile. I samarbeid med vidaregåande skule, høgskulen og idrettssenteret har vi all den kompetanse som skal til for å nå denne ambisiøse målsetjinga, fortel SIL-guru Rolf Navarsete.

 

- Treningsmessig har vi skapt ein revolusjon, både kvalitativt og i mengde. Spelarane får topp oppfølgjing både fysiologisk og fotballmessig. For å få spelarane til å skjøna betydninga av å trena meir og betre, stiller vi trenarar til disposisjon for spelarane døgnet rundt, om nødvendig. Når vi før 2001-sesongen utbasunerte slagordet «Angriip», så var det ikje utan grunn. Sogndal har spelarar med sjeldne offensive kvalitetar. Og vi skal jobba knallhardt for å utvikla dette vidare i åra som kjem, seier ein stolt og ivrig SIL-manager.

 

Med namn som Tommy Øren, Rune Bolseth, Anders Stadheim, Alexander Ødegaard, Kristian Ystaas, Vegard Skjedestad og Kurt Heggestad, er det svært mykje som tyder på at SIL-satsinga ber frukter og er ei gullkanta investering.

 

Truleg er det berre snakk om tid før Eirik Bakke får SIL-selskap i Premier League i England!!

Meny

Skriv ut  

Sogndal Fotball - Postboks 164 - 6851 Sogndal Tlf: 57 62 90 00 - Fax: 57 62 90 01 - E-post: post@sogndalfotball.no - Redaktor: Egil B. Mundal | Admin



Sparebanken Vest Lerum