Eventyret Eirik
Frå fotballeik på Trudvang og Røvhaugane til meisterliga og engelsk toppfotball med Leeds Eirik Bakke er sjølve symbolet på fotballfilosofien i Sogndal. Talent kopla saman med god fotballopplæring og eit trygt miljø gjev alle muligheiter for spelarar med den rette innstillinga.
Som 24-åring har Eirik alt opplevd svært mykje på fotballbana. Eliteseriespel med Sogndal alt som 16-åring, ei rekkje landskampar der EM-sluttspelet i Nederland i år 2000 ruvar høgst, krydra med kampar for Leeds i engelsk Premier League og scoringar i meisterligaen. Og enno er karrieren forhåpentlegvis berre i startfasen! Eirik sin fotballkarriere starta i Sogndalsfjøra tidleg på 80-talet. Frå
Eirik starta som elev ved Trudvang skule, var alsfaltbana og skuleplassen ein sentral stad for han og klassekameratane. Same kvar du møtte Eirik, hadde han fotballen under armen eller rullande mellom to spinkle fotballbein. Som regel var Eirik på plass klokka åtte om morgonen, for å vera sikker på at bana var ledig! Også Røvhaugane var ein ynda leikeplass og såleis medverkande til at 24-åringen etter kvart kunne ta steget over Nordsjøen då Leeds melde si interesse våren 1999. Eirik har gjort seg fleirne tankar om barne- og ungdomsåra i SIL-fotballen. -- Me var ein utruleg ivrig gjeng gutar i klassen. Fotballen var alltid med, same kvar me f—r. Dessutan var me heldige som hadde flinke trenarar i aldersbestemt fotball. At Sogndal er ein god klubb å utvikla seg i for unge fotballspelarar, veit eg faktisk ein heil del om, fortel englandsproffen. Eirik har klare oppfatningar om kvifor han sjølv har nådd så langt. Talentet var der frå første stund, men det skal langt meir til før du spelar fotball på så høgt nivå.
--Alt ligg til rette for å satsa på toppfotball i Sogndal. Sjølv har eg utruleg mykje å takka klubben for, heilt frå mitt første møte med SIL Fotball som 6-7 åring på Fosshaugane, seier Eirik som har gjort lynkarriere i Leeds. Han trur den viktigaste grunnen til at unge spelarar med fordel kan velja Sogndal som utgangspunkt, er ideelle treningstilhøve, god oppfølgjing og det faktum at dei får speletid og at SIL-leiinga satsar medvite på ungdomslinja.
-- Det er mange eksempel på at det ikkje er så lurt å reisa ut som 16-17-åring. Du skal vera moden og "klar" og helst ha spela elitefotball heime før du kastar deg ut i proff-eventyret, åtvarar SIL-juvelen. Sjølv skryter han gjerne over Mike Speight og treningane med engelskmannen før Leeds melde si interesse.
-- Eg var heldig då eg kom til Elland Road. David Batty var skada, noko som ga meg rikeleg med speletid dei første vekene. Og manager O«Leary ga meg tillit og let meg bli varm i Leeds-trøya. Difor kunne eg spela utan prestasjonsangst og frykt for ikkje å få det til. Ikkje alle opplever det slik, fortel Bakke.
-- Det er avgjerande viktig å vita kva som møter deg når du skal ut i internasjonal proff-fotball. Det er så visst ingen dans på roser, og treninga er til tider knallhard både fysisk og psykisk. Du må i stor grad stola på deg sjølv, og konkurransen om ein plass på laget er nådelaus og til tider prega av ein viss kynisme, fortel Eirik som denne hausten har slite med ein lei strekkskade.
-- Det er sjølvsagt baksida av medaljen i proffotballen. Men i Leeds får eg topp oppfølgjing, og eg veit at David O«Leary satsar på meg. Slik sett føler eg den same tryggleiken her i Leeds som eg gjorde som ung og uerfaren A-lagsspelar i Sogndal, hevdar den sindige 24-åringen. Eirik har på ein imponerande måte teke steget inn i det ypparste av europeisk toppfotball. No er han godt etablert i Leeds-midtbana saman med Lee Boywer og Co. Ikkje rart manager David O'Leary vurderer Mr. Bakke frå Sogndal som tidenes beste Leeds-kjøp!
-- No håpar eg å få utretta meir med det norske landslaget. Eg har vore uheldig med skadane i det siste, men til neste EM-kvalik vil eg gjerne vera med å føra Norge mot toppen att, seier sogndølen med suksess i England. Og Eirik veit godt kvar han har røtene sine. Så sant han har høve, tek han turen heim att til Elvabakken og Fjørao.
-- Eg må seia det er like kjekt å koma heimatt til Sogndal kvar gong. Spesielt sommarferien gjer godt for slitne fotballbein. Og kameratane og familien heime betyr svært mykje for meg, seier Eirik. -- Eg er privilegert som får spela i den kanskje mest interessante ligaen av alle i heile Europa, og med kampar i meisterligaen og for det norske landslaget, kan det vanskeleg bli betre, meiner midtbanestrategen. Det er all grunn til å følgja Eirik med spenning og forventning på fotballbana, både i Leeds og med det norske landslaget. Sogndal har grunn til å vera stolt over å ha ein så flott ambassadør ute i den internasjonale fotballverda!!