Sogndal Fotball

 


Du er her : Startside  »  Klubben  »  Historia  »  14 Frå grus til Campus

Frå grus til Campus

 

Dei siste 30 åra har Sogndal Fotball gått i bresjen for ei gigantisk anleggsutbygging, både i eigen kommune og i nabokommunen Luster. Det er i alt investert for nær 400 millionar kroner.  Dette gjer Sogndal til ein av dei største anleggsutbyggjarane i heile landet.
 
Bakgrunnen for dei enorme anleggsutbyggjinga var ein eksplosjon i talet på aktive i idrettslaget frå midten av 1970-talet. Det første konkrete resultatet av cupsuksessen i 1976 var SIL-hytta i Hodlekve, som har vore svært viktig for Sogndal idrettslag si utvikling og miljøet i laget.  

 

Då Sogndal nådde heilt fram til cupfinalen i 1976 var det berre eitt einaste seniorlag i sentrum av kommunen. Og Sogndal Idrettslag hadde berre fire aldersbestemte lag. I 1980 var dette talet auka til åtte lag (Fjøra FK inkludert). I 1988 var det 22 lag og i 2000 er det heile fem seniorlag og ca 30 aldersbestemte lag berre i Sogndal sentrum I tillegg er det seks andre seniorlag og ca. 30 andre aldersfastlagde lag i kommunen. (Kaupanger IL og Norane IL). Det vart sett kraftig fokus på treningsforholda. Det vart vanskelegare og vanskelegare å få trene på skikkeleg underlag.

 

For ikkje berre vart det mange fleire fotballspelarar. Etterkvart som åra gjekk og Sogndal stabiliserte seg i Noregstoppen, auka treningsdosane dramatisk. Medan a-laget i 1976 i gjennomsnitt trente berre tre gonger i veka, trenar A-laget i jubileumsåret 2001 to gonger kvar einaste dag. Det har i tillegg vore ein nesten tilsvarande auke i treningsmengde for dei andre seniorlaga. Då seier det seg sjølv at det utover på 80- og 90 -talet vart tvingjande nødvendig å setje fokus på treningsforholda.

Konfliktane og konfrontasjonane rundt treningsforholda skaut fart midt på 80-talet , under Sogndal sin første svensketrenar, Bosse Mattsson (1985 og 1986). Mattsson, som var ein perfeksjonist av dei sjeldne, og som førte fotballavdelinga eit lang hopp inn i framtida. Han meinte at fotball skulle føregå på gras og at det var direkte skadeleg å veksle mellom grus og gras-underlag. Dei to sesongane under Bosse Mattsson drog heile a-stallen bygda rundt på leit etter grastustar. Både plenen mot elva ved Sogn Slakteri og eit jordsykke på Kaupanger, like ved Vesterland feriepark vart nytta.  Det oppstod meir enn ein gong konfliktar mellom den svenske trenaren og leiinga i klubben. Spesielt dei som var ansvarlege for treningsforholda.

 

Ingen som var til stades på Mattsson sin avskjedsfest på Loftesnes pensjonat hausten 1986 gløymer dåverande banemeister og tidlegar lagleiar Bjørn Pedersen sine avskjedsord til Mattsson. Men fire ord som sa alt: : « å Bosse - grus og gras...

 

Men Mattsson sitt fokus på treningsforhold utløyste, om ikkje med det same så seinare på 80 og 90-talet, ei anleggsutbyggjing som saknar sidestykke i klubben. Ja truleg i langt større samanheng.  I ettertid er det mange som vil seie at det skulle no berre mangle. Men realiteten er at så godt som alle utbyggjingar - nesten kvart einaste spadtak - har vore kontroversielt.  Sogndal Fotball, som åleine har vore den store utbyggjaren, låg i forkant av utviklinga. Truleg skjøna verken den vanlege sogndøl eller Sogndal kommune kvifor det var så avgjerande viktig å byggje ut alle desse anlegga. I ettertid er det langt fleire som forstår kvifor. Mange kan stille seg spørsmålet om korleis kommunen og Iderttslaget ville vore utan denne utbyggjinga.

 

Etter konfliktane rundt etableringa av Sogndal Gymnas på Sogndal si gamle treningsbane på Fosshaugane i 1963/64 vart skulane og Sogndal/idretten naboar. Skulane utvikla seg vidare i dette området og naboskapet med idretten var ikkje alltid like enkelt å leve med.  Spesielt var kampane mot den vidaregåande skulen (les fylkeskommunen) mange - og til dels tøffe. Men fylkeskommunen kom på bana under etableringa av Sognahallen, og ikkje minst rundt etableringa av Fosshaugane Campus. Samarbeidet mellom Sogndal og Lærarhøgskulen, seinare Høgskulen i Sogn og Fjordane, har heile tida vore fruktbart for begge partar. Først gjennom tribunebygget på Sogndal stadion, så Fosshaugane sitt tribunebygg, Sognahallen/Idrettssenteret og til slutt Fosshaugane Campus.

 

I 2001 etablerte Sogndal, saman med Høgskulen, Fylkeskommunen og Kommunen ei styringsgruppe for vidare utvikling og samhandling på Fosshaugane - Fosshaugane Campus. I 2006 ferdigstilte eigedomsherre Sogndal Fotball eit bygg til 240 millionar kroner. Den førebelse krona på verket.

 

Det andre store konfliktområdet dukka fram internt i Sogndal. Det handla om det store generasjonsskiftet mellom leiarane i laget tidleg på 80-talet. Desse konfliktane botna i to heilt ulike syn på korleis laget skulle utviklast vidare. Og det var til tider ei knalltøff utfordring både internt i Sogndal-miljøet og i heile bygda. Problema og konfliktane kom til overflata i samband med planlegginga av Fosshaugane stadion, med ny tribune og utbyggjinga av grasbana i Lines. 70-talsleiarane i laget frykta at denne utbygginga ville føre til for liten bruk av Sogndal stadion, medan -80- og 90-talsleiarane hadde fått den eksplosjonsarta aktivitetsveksten midt i fanget. Desse konfliktane gjekk over utover på 90-talet og Sogndal som klubb stod hundre prosent samla bak utbyggjinga av Sognahallen og den vidare utbyggjinga av Fosshaugane stadion i på 2000-talet. Først med flomlys og undervarme, så med prosjektet Fosshaugane Campus.

 

Sogndal Fotball utvikla seg på slutten av 90-talet til ikkje berre å vere ein stor og tung organisasjon, men også ei av dei store verksemdene i kommunen. Over 60 årsverk er no knytt til klubben og dotterselskapa. Det har ikkje alltid vore like enkelt å formidle at Sogndal Fotball representerte ein vesentleg del av næringsutviklinga i kommunen.

Meny



Sogndal Fotball - Postboks 164 - 6851 Sogndal Tlf: 57 62 90 00 - Fax: 57 62 90 01 - E-post: post@sogndalfotball.no - Redaktor: Egil B. Mundal | Admin



Sparebanken Vest Lerum