Sogndal Fotball

 


Du er her : Startside  »  Klubben  »  Historia  »  1 Ei lita innleiing: 1960 og 1970-åra

1960- og 70-åra

 

Sogndal kom for første gong på fotballkartet utanfor fylkesgrensene hausten 1964. I kvalifiseringskampane mot Baune og Fana ordna SIL-karane det første opprykket til 3. divisjon. Karane frå sogndalsfjøra tok det første avgjerande steget ut av eige fylke, og dermed var også klatringa i divisjonssystemet byrja.

 
Sogndal var tilliks med Jotun ute av fotballskuggen og på veg inn i det gode selskap. Det skulle snart koma meir. Neste opprykk kom hausten 1972 med ein ny generasjon SIL-gutar leia av Per Ingar Sviggum og hans fotball ABC med dei ti basisprinsippa. Sidan var det klart for 2. divisjonsspel att i 1977 etter den utrulege 1976-sesongen der Sogndal vart historisk som det første 3. divisjonslaget i ein cupfinale. Ved SIL-roret då som i -72, «Pelle i Hofslund». Faktisk var opprykket til 2. divisjon i 1977 Per Ingar sitt tredje opprykk med SIL. Det starta med 1964-laget som inntok 3. divisjon, heldt fram med 1972-laget som klatra til 2. divisjon, og heldt altså fram med cupfinale og opprykk igjen hausten 1976. Ei solid rekkje.

 

Frå 1977-sesongen har Sogndal tilhøyrt toppen av norsk fotball. Ein 25 år lang historie der Sogndal har skaffa seg ein unik posisjon blant kremen av norske fotballag. Det kan vera vel verdt å nemna kjende lag som ikkje har klart å etablera seg i dette sjiktet. Fredrikstad, Kongsvinger, Ham Kam, Mjøndalen, Sarpsborg, Skeid, Sandefjord, Aalesund og Hødd, ja til og med Start , Vålerenga og no sist Tromsø, Bryne og Strømsgodset er alle døme på lag Sogndal har lagt bak seg på «tabellen». Eit kvalitetsstempel i seg sjølv!

 

1976-sesongen var sjølve gjennombrotet for Sogndal i norsk toppfotball. Etter kvart som topplaga Viking, Ham Kam og Start vart sende hovudstups ut av cupen, fekk folk for alvor augene opp for oskeladden frå Fosshaugane og Sogndal. Per Ingar Sviggum hadde saman med heimkomne Ingvar Stadheim og Svein Bakke funne oppskrifta på fotballsuksess i «fjellbygda» Sogndal. Treningsiver og ei ypparleg blanding rutine og ungt pågangsmot var sjølve grunnmuren. Fotballmessig var laget byrja på ei utvikling som hadde starta alt i 1972, og kampane mot topplaga i 1976 synte at de var format over Sogndal. Svein Bakke var det naturlege samlingspunktet, men det var kvalitet i alle ledd. Det fysiske grunnlaget var botnsolid, den taktisk dugleiken saman med «god kjemi» og gunstig aldersblanding førte Sogndal mot toppen av norsk fotball. Dette skjedde med sogndøler som «grunnmur» saman med holmedølene Svein Bakke og Torodd Helle samt vikjen Ingvar Stadheim som viktige bærebjelkar..

 

Det skulle ikkje gå mange åra før laget tok steget heilt opp i eliteserien. Då hadde Ingvar Stadheim halde fram ved trenarroret. Rolf Navarsete la fotballskoa på hylla i 1978, men har vore Mr. SIL Fotball i leiarstolen alle år seinare. Svein Bakke spela endå eit tiår før han la opp, men har sidan vore SIL-profilen på leiarsida samn med Rolf. Med andre ord kontinuitet av beste merke.

 

Nye spelarar kom til på slutten av 70-åra og inngangen til 80-talet. SIL rekrutterte spelarar frå heile fylket og vart meir og meir fylkeslaget. Faktisk fekk SIL Fotball fylkeskulturrisen etter innsatsen i 1982. Det fortel noko om posisjonen fotballen har i Sogndal og Sogn og Fjordane. I dag er Sogndal Fotball ei av dei største bedriftene i bygda med ein administrasjon på 9 årsverk, inkludert fire heiltidstilsette trenarar. I tillegg kjem spelarstallen som utgjer kring 20 årsverk, og budsjettet er på kring 13 millionar kroner. Samla sett tel SIL Fotball og dei tilsette i Sognahallen og ved idrettssenteret kring 50 årsverk. Altså ei av dei største bedriftene i bygda.

 

Utviklinga frå dei reine amatørane i 1976 og til dagens SIL Fotball anno 2001 i eliteserien er voldsom. At Sogndal tilhøyrer norsk toppfotball er på mange måtar naturstridig ut frå naturgjevne føresetnader og ressursar som folketal, næringsliv, industri og dermed økonomi. Men sportsleg og på anleggssida er Sogndal blant dei aller fremste i landet, ja kanskje dei aller fremste, og det er ikkje å ta for hardt i å påstå at dyktige leiarar og kontinuitet er den viktigaste grunnen til Sogndal sin unike plass i fotball-Norge. Men gløym ikkje talentfulle og hardtarbeidande spelarar som har ofra blod og sveitte i SIL-trøya.

Meny



Sogndal Fotball - Postboks 164 - 6851 Sogndal Tlf: 57 62 90 00 - Fax: 57 62 90 01 - E-post: post@sogndalfotball.no - Redaktor: Egil B. Mundal | Admin



Sparebanken Vest Lerum