Oskeladden
Sogndal sitt inntog i norsk toppfotball starta på mange måtar hausten 1976 då laget sakte, men sikkert klatra mot cupfinalen. Når det også lukkast å rykkja opp i 2. divisjon etter kvalik-siger over Vigrestad, var suksessen fullført. Fotballeventyret kulminerte med vestlandsderbyet mot Brann på ei gjørmetung Ullevaal full av sagflis 23. oktober. Det første store steget ut i ei anna fotballverd var teke. Å beskriva alt som skjedde i SIL-fotballen denne sesongen er ikkje så lett. At det var eit fotballeventyr herskar det liten tvil om, med Sogndal som 3. divisjonslag og status som oskeladden. Etter finalen var det ei unison oslo-presse som konkluderte: «Sogndal tapte kampen, men vant fotballhjertene». Her følgjer tankar om det som skjedde, skildra av ein som opplevde det frå innsida og bak kulissene.
Frå cup-dagboka 1976
1 runde: Sogndal-Jotun 3-0
«Lite eller ingen ting visste vi kva NM-deltakinga denne sesongen skulle bringa med seg då Jotun var motstandar i 1. runde på Fosshaugane i slutten av mai. Vi kontrollerte det meste mot Sigmund Øren og Co og vann ein komfortabel 3-0 siger etter mål av Svein Bakke, Ingvar Stadheim og Jarle Skartun. Å ta seg til 2. runde i NM var spennande nok for oss på denne tida. Serien og opprykk til 2. divisjon var hovudmålet for sesongen, men ei cupbombe eller to hadde vi alltids plass til. For Harald Aabrekk vart det berre med denne cupkampen. Han melde overgang til Eid og lurte nok på det utover hausten...?!»
2. runde: Os-Sogndal 0-1
«Eg var i militæret på Haakonsvern på denne tida og var sikker på at kampen kom til å bli utsett. Det regna nemleg slik det berre gjer i Bergen, men kamp vart det mot profilane og landslagsspelarane Erik Just Olsen, Svein Gunnar Rein og Os på Kuventræ. At dei spela ein divisjon over oss tenkte vi lite på, og sjølv om Os hadde sine sjansar, var det lite å seia på at vi vann 1-0 etter Rolf Navarsete sitt mål. Han lurte Os-keeper Ole Johan Valle, forresten fetter til Svein Bakke. Etter kampen kom ein del av kameratane frå militæret innom garderoben, blant anna Baune-kaptein Petter Pettersen. Han fleipa med at eg måtte hugsa å ta av ein billett til cupfinalen, noko eg sjølvsagt lova å ordna. At det skulle gå troll ord, visste vi lite om denne regnvåte junikvelden. Den same Pettersen var elles rask på tråden då vi seinare på hausten hadde slege Steinkjer i semien og minna om billletten!
Kuventræ har elles vore ei lukkebane for Sogndal i alle år, og SIL står framleis utan tap der. Verdt å nemna er det elles at det var før denne kampen at Johan «Tango» Johannessen kom fram med sin berømte kortstokk, godt innpakka i fotballstrømpene. At det var fine bilete på desse korta, herskar det liten tvil om, og leddkledde var jentene og.Skal sei det var stemning i garderoben før oppvarminga! På mange måtar var dette eit slags «hemmeleg våpen», særleg når gravalvoret var i ferd med å bre seg. Johan var det store muntrasjonsrådet som fekk tankane vekk frå fotballen for ei stund. Balsam for frynsete nerver.»
3. runde: Sogndal-Viking 2-1
«Møtet med Svein Kvia og Co hadde vi sett fram til lenge. Det var nesten for voldsomt at vi skulla makta slå ut eit av dei beste laga i Noreg. Viking hadde dominert stort på 70-talet, og siddisane sitt lag var spekka med landslagsstjerner. Men vi hadde sjølvtillit, var i framgang og klar for utfordringa. Per Ingar hadde gjeve oss trua på at det gjekk an å slå dei etablerte topplaga, og då var det berre slik! Etter litt smårusk i opningsminuttane, vakna SIL-maskineriet. Knut laga begge måla med god hjelp frå Svein i 2-1 kampen der stemninga var stor frå eit rekordstort publikum. Leon si fantastiske strafferedning då Viking-kaptein Svein Kvia prøvde seg frå 11-meteren, var og sterkt medverkande til sigeren.
Vel 3.000 tilskodarar gjorde dette til ei festforestilling, og cupfeberen melde seg med aukande styrke. Det tok tid før det gjekk opp for oss kva vi hadde utført. Aldri hadde vi spela for så mykje folk på Fosshaugane, og å bli boren ut av bana på gullstol kjendets godt! Og det skulle bli meir seinare på hausten..... «Super-Sogndal torpederte Viking» heitte det i lokalavisa.»
4. runde: HamKam-Sogndal 0-1
«Det var i tida fram mot denne kampen vi for alvor fekk merka at pressa, og då spesielt Oslo-pressa hadde fatta interesse for vesle Sogndal, eller "lille fjellbygda Sogndal" som VG faktisk fekk det til denne hausten. At eg skulle gifta meg med Hanna dagen før cupkampen med alle spelarane som gjester, gjorde ikkje interessa mindre. Rolf visevert, og eg som vart vekt av hotellvertinne Alvhild på Lægreid presis klokka 06.10 om søndagsmorgonen, vart køyrde til Hamar i Rune Fossøy sin privatbil. Resten av SIL-troppen drog i austerveg laurdag kveld. Litt avslapping på hotellet saman med dei andre spelarane gjorde godt. Vi var klare for «årets nachspiel" som VG kalla det.
Då vi kom opp til Briskeby vel ein time før kampstart, var det sikkert 1.000 sogningar på plass alt. Stemninga var heilt utruleg. Vi hadde avtalt å spela i våre vanlege kvite drakter, men brått kom HamKam-oppmannen inn med nokre alt for små ulldrakter i grøn farge som vi versågod fekk ta til takke med. Og ute på bana var det 30 varmegrader!!. Men dette skulle du aldri ha gjort, HamKam-oppmann Roger Synstad! For det ga oss ei voldsom tenning som gjorde sitt til at vi knekte Tom Jakobsen og Co. Veka etter fekk vi ei overrasking frå hedemarken. Ein "syklubb" der borte tykte det var for ille at Sogndal måtte låna drakter, og sende oss like godt eit helit sett. Slå den! Rolf vart den store helten etter målet sitt då han vippa ballen nydeleg forbi Ham Kam-keeper Tore Antonsen. "Hils på Rolf" skreiv VG med bilete på førstesida dagen etter.
Redaktør i dåverande S/SA, Hans Arnesen si åtvaring om at graset er grønt for alle, nådde ikkje inn i Ham Kam-leiren. Til stor glede for oss. Vår legendariske oppmann Bjørn Pedersen, som forresten gjekk i stillongs på alle kampane denne sesongen (overtru!), var elles skråsikker i NRK-intervjuet før kampen. «Vi vinner 1-0», sa Bjørn og fekk heilt rett, igjen. No starta cupeventyret for fullt, og eg skal aldri gløyma Dagblad-journalist Thor Ullerø som stod saman med oss i dusjen og noterte absolutt alt som vart sagt så både vatn og blekk spruta. Sogndal var godt stoff også i Akersgata, og kliss blaut var han i alle fall då han gjekk ut, fora med godsaker frå jublande SIL-spelarar! Vel heime om natta var det kommunal middag saman med ordførar Erlend Ylvisåker i Park-kjellaren hjå Inger og Erik.».
Kvartfinale: Sogndal-Start 1-0
«Cupfeberen nådde dei store høgdene. Før kampen mot Start på Fosshaugane var det ville tilstandar. Pressefolk invaderte Sogndal og brukte alle mulige vinklingar for å få opp stemninga. Det var uvant med journalistar og fotografar på kvar einaste trening. Men vi tok det sporty og klarte å sjå humoren i all «galskapen». Og bygdefolket stilte på dugnad for å byggja ekstra tribunar. Det gjekk i alt frå leca-blokker, plankar og slaktekassar til lastebilar og tilhengjarar då kampdagen nærma seg. Det syda i Sogndalsfjøra denne helga. Heile fylket skulle sjå Sogndal mot Svein Mathisen og Co. Eg stod opp heime i leilegheiten litt før klokka ni kampdagen. Ein titt ut av glaset gjorde at eg måtte gni meg ekstra i augene. Det var alt fullt av folk på tribuna nede på stadion. Sikkert 1.000 som hadde installert seg med frukosten på Fosshaugane for å vera sikra god plass!
For ein folkefest det vart. 7.000 tilskodarar følgde kampen der Svein si kanonkule frå 16-meteren avgjorde. Den same Bakke synte verkeleg fotball-Norge kva han hadde å by på saman med heiltente SIL-spelarar. Hadde Start-keeper Per Otto Larsen kome borti ballen som gjekk i mål, hadde han garantert følgd med inn i nettmaskane! Vi tok Start med same oppskrift som mot dei andre topplaga. Full innsats og null respekt frå første spark på ballen. At vi i tillegg kunne spela god fotball visste vi. Sjølv om Start pressa oss på slutten, hadde eg følelsen av kontroll. Og Leon ga klare meldingar bakerst, medan Gunnar Sigmar dreiv Svein «Matta» til fortviling med sine kraftfulle taklingar. Helge Skuseth, Sven Otto Birkeland og Svein Mathisen fann aldri opninga dei trengte for å laga mål.
Oppskrifta vår heldt mål igjen, og vi slapp å gå av bana på eigne bein! Dette var berre heilt enormt. Til og med Knut Bjørnsen i NRK-TV innrømma at Sogndal var gode, rett nok etter eit ikkje ubetydeleg foredrag av nøytral BT-journalist Jan Stedje. Dagbladet påstod at SIL-spelarane måtte rømme bygda etter sigeren, men fullt så gale var det no ikkje, sjølv om vi feira litt på Hafslotun. «Nervetrøbbel», meinte Start-trenar Tor Røste Fossen om sine eigne spelarar. Makrell-fotball fekk dei i alle fall aldri tid og rom til å spela. Vi berre gledde oss over endå ein elite-skalp i beltet og flaut på ei gigantisk medgangsbølgje. Dette var visst fotballhausten då alt kunne skje...... Og det i SIL og SFFK sitt 50.år»
Semifinale: Steinkjer-Sogndal 1-3
«Vi gjekk inn i ei hektisk veke før semifinalen mot Steinkjer på Guldbergaunet. Først kvalik til 2. divisjon mot Vigrestad søndagen, Steinkjer i semifinalen onsdag og så ny dyst mot Vigrestad. Semifinalen i Steinkjer gjekk tidleg ettermiddag med 10.000 på tribunane og Steinkjer som favoritt. Men vi hadde ikkje tenkt å gje frå oss Ullevaal-billettane utan kamp. Då vi entra bana, vart vi møtt av ein enorm pipekonsert. Men vi stilte opp ved midtlinja og bukka ærbødig til publikum. Då vart det stille på Guldbergaunet, og trøndarane klappa høfleg tilbake! Ikkje ein gong Bjørge Lillelien i NRK-sporten hadde opplevd noko liknande.
Dette skulle bli Svein sin store dag. To av dei tre måla hans var berre utrulege, knallskot heilt i hjørnet. Før kampen fekk vi forresten telegram frå formannskapet der fotballstyremedlem Bjarne Ness var med. «Skår mange mål, kjemp dykk fram til Ullevål.». Dette vart slege opp på garderobedøra og hadde sin motiverande verknad. Men på veg til pause melde ein liten tvil seg. Eg sa til Svein at dette blir harde tak etter steinkjerovertak mot slutten av omgangen og utlikning til 1-1. Svein verka likevel roleg og gliste lurt, som vanleg.
Etter ein oppkvikkande pauseprat tok vi likevel kommandoen på nytt. Torodd var ute og fekk plastra eit kutt i hovudet, storma inn att på bana i indianar-stil, slo pasningen rett fram til Svein som avslutta med å dundra ballen i mål og 2-1. For å markera at det var Sogndal sin dag, sette han ball nummer tre i mål, like enkelt og genialt som dei to første. Vi var klar for Ullevaal, og gratulasjonane strøymde på fråheile landet. Jan Stedje og Edvin Myklestad formidla det heile via telefon til 500 entusiastiske menneske i duskregnet på Fossetunet i Sogndal.
Legendariske Kåre på sporten i Sunnmørsposten var rørt til tårer over dei sympatiske SIL-spelarane som han tre år tidlegare hadde sett tapa 0-6 for Hødd på ei gjørmevåt Høddvoll, men som han var sikker på ville koma sterkt att. I Steinkjer fekk han stadfestinga! Før vi sovna på hotellet den kvelden, snakka Torodd og eg mykje og lenge om korleis det ville bli å spela cupfinale. Tankane surra rundt i hovudet. Dette var sterk kost og ikkje så heilt lett å fordøya!. Frå Brann stadion fekk vi greie på at jubelen hadde vore enorm då det vart opplyst før deira semifinalekamp mot Odd at vi var klar for cupfinalen. At Brann gjorde jobben sin var perfekt. Alt var klart for eit klassisk vestlandsderby på Ullevaal!»
Cupfinalen: Sogndal-Brann 1-2
"Vi var klare for 2. divisjonsspel og gledde oss som ungar til finalen. Å få møta Brann var ønskjedraumen for alle i SIL-miljøet. Det var klart for folkevandring over fjellet til Oslo. Diverre kom det snø som gjorde tilhøva vanskeleg på Ullevaal, men vi var budde på alt.
Vestlendingane eigde Oslo denne helga. Stemninga i byen var fantastisk, og det var unekteleg litt spesielt å vandra langs Karl Johan laurdagen med autografskriving og det som følgjer med kjendistilværet! Sjølv om det var visse nerver før kampen, forsvant desse etter at Sogndal Musikklag hadde spela konge- og nasjonalsangen. Lysten til å koma i gang var stor, og på tribunen kunne vi med ein stor grad av humor lesa følgjande store plakat: «Peis pao kara», noko vi gjorde etter beste evne. Førsteomgangen var jamn, og vi hadde sjansar til å laga mål. Støtten frå publikum var fantastisk, men støynivået var så høgt at det var vanskeleg å kommunisera ute på bana.. At Brann tok leiinga var litt surt, men vi produserte stadig farlege sjansar og følte vi var godt med i kampen. Då Knut heada corneren i mål, trudde eg vi skulle klara det. Brannspelarane var nemleg slitne, svært slitne. Særleg spissane Aase og Tronstad. Men diverre feila vi på ein heller enkel ball som fekk gå i bakken før vi avklara. Dermed var måltjuven Bjørn Tornstad der som ein panter. Brann-spissen fekk god tid til å setja 2-1 ballen i mål. Surt, og forferdeleg unødvendig fordi vi kunne avverga situasjonen lenge før han oppstod.
Men det blir likevel etterpåklokskap. Eg trur nok Brann vann fordi dei var eit etablert elitelag med den erfaringa det tilseier. Vi var på ein måte nøgde med å få spela finalen etter at vi sikra opprykket til 2. divisjon. Men innerst inne ville vi gjerne vinna finalen og..... Forbaska ergeleg, for det var så nære, så nære. Men vi fekk vist at cupfinaleplassen ikkje kom tilfeldig. Alle mann ga alt. Og hadde banetilhøva vore betre, hadde aldri frimerket Atle Bilsbak klart å forstyrra Svein slik han gjorde i sagflisa og gjørmehavet på Ullevål.
Finalen vart ei utruleg oppleving og akkurat den fotbalfesten alle hadde rekna med. Banketten på Grand søndagskvelden vart ei fin avrunding på ein stor fotballdag. Vi hadde vist oss fram på ein flott måte og bidrege til ein stor fotballdag på Ullevaal. «Dobbeltseier i cupfinalen. Brann vant pokalen, Sogndal hjertene» heitte det i oslopressa. Eg trur dei hadde rett.
P.S: Det blir hevda av sikre kjelder at Kong Olav reiste seg og klappa då vi utlikna til 1-1.»
Ein historisk fotballsesong var over. Vi spela 45 kampar utan tap, men måtte gje tapt i den 46. på Ullevaal. Men det viktigaste hadde vi oppnådd; Sogndal var ein gong for alltid plassert på norgeskartet, i det finaste fotballselskapet.