Sogndal Fotball

 


Du er her : Startside  »  Klubben  »  Historia  »  5 Harald Aabrekk og starten på 90-talet

90-talet og Hardal Aabrekk

 

Fotballbohemen Harald Aabrekk kom til Sogndal som spelar før 1974-sesongen. Med sin noko utradisjonelle stil var han på mange måtar ei utfordring for trenar Arnor Svedal, men eidaren hadde mange kvalitetar å by på. Etter gjesteopptreden i Brann, kom han «heim» til Sogndal og var sterkt delaktig i opprykket til eliteserien i 1981. Den elegante midtbanespelaren opptredde 234 gonger i SIL-drakta og scora  72 mål før han la opp. Historisk vart han då ha laga Sogndal sitt første mål i eliteserien i 1-1 kampen mot Molde våren 1982.
 
1990 skulle bli starten på Harald Aabrekk si trenargjerning i norsk toppfotball, med Sogndal på jakt etter opprykk. Etter den verst tenkjelege starten og 0-5 for Bryne i den første heimekampen, var det mange som frykta det vidare forløpet. Også Harald sjølv, som forlet Fosshaugane og vart borte nokre timar etter braktapet for Bent Apneseth og Co! Men frykten var ugrunna. Sogndal gjennomførte sesongen med stil og sikra endå eit opprykk til eliten med trioen Asle Hillestad, Steinar Hopen og Lasse Opseth som toppscorarar, alle tre med sju seriemål kvar.

 

Med god hjelp frå psykolog Arne Vågene og draumeforskar Jon Tolaas, og etter kvart giganten Jostein Flo, som kom til Sogndal før haustsesongen 1991, vart det skikkeleg sving på SIL som både i 1991 og 1992 spela i eliten. Kjøpet av Jostein Flo, for ein ikkje ubetydeleg pengesum den gongen, innleia Sogndal Fotball sitt liv med profesjonell fotball. Den utvilklinga har vore formidabel på 90-talet og fram til dagens Sogndal Fotball med hovudsete i storhallen.

 

Å utvikla Sogndal som ein toppidrettsklubb har faktisk teke kring 20 år, frå dei første handlingsplanane i 1980/81 og til den nye generasjonen spelarar som sikra opprykket hausten 2000. Både sportsleg, økonomisk og administrativt er det fleire sjumilssteg som er gått desse åra.

Harald Aabrekk sin leiarstil var uortodoks og sikkert krevande for dei som skulle sanka poenga. Men «bonden frå Eid» fekk likevel mykje ut av spelarstallen dei tre åra han sat med ansvaret. Ikkje minst var han nådelaus i forhold til spelesystemet 4-5 1, eller var det 4-3-3 også den gongen??!!

 

Jostein Flo fekk sin renessanse i norsk fotball etter nærast å ha blitt gløymd då han berre delvis fekk speletid i belgiske Lierse. Men på Fosshaugane vart det nettsus og luftduellar som skapte frykt hjå motstandarane. Jo-Flo laga sju mål denne haustsesongen, og utan forkleining for dei andre spelarane; Jostein berga ny kontrakt for Sogndal med sine fantastiske headingar. Så godt gjekk det etter kvart i SIL-drakta, at landslagssjef Egil «Drillo» Olsen fann den bryet verdt å sjå nærmare på Flo`aren. Korleis det enda, veit alle med litt kjennskap til norsk landslagsfotball.

 

Og Flo-epoken i SIL skulle bli markant utover 90-talet. Fetter Håvard gjorde og sin entrè på Fosshaugane, og dei to kraftkarane sette sitt preg både på laget og spelestilen den tida dei var her. Nokre vil sikkert hevda at det vart i overkant med «snøballar» mot dei store Flo-karane, men det er ikkje til å underslå at landslaget under Drillo spela på mykje av det same, sjølvsagt med større kvalitet, men med endå større suksess, både sportsleg og ikkje minst i media, og med Jostein i hovudrollen!!

 

I 1993 kom veslebror Tore Andrè til Sogndal. Han fekk fart på karrieren og suksess i sin første sesong under trenar Øyvind Nilsen. Tore Andrè laga 16 av seriemåla då Sogndal igjen tok steget opp att i eliten hausten 1993. For svenske Rhonny Nilsson var opprykket denne hausten ekstra kjekt. Svensken som i fleire sesongar var påliteleg SIL-kaptein, laga det avgjerande 2-1 målet i bortekampen mot Ski og fekk fortent oppreising etter i periodar å ha vore benkeslitar. Eit fjerde blad Flo, Jarle var og på plass til 1994-sesongen, men hans plass var lenger bak på bana som midtstoppar.

 

16.  mai denne sesongen kom ein spebygd Eirik Bakke på bana då Sogndal møtte Lillestrøm på Åråsen. Rett nok tapte Sogndal 1-3, men 16-åringen sin debut for Sogndal var starten på ei lang rekkje gledesstunder med Bakke i fem år framover, heilt til Leeds overtok stortalentet sommaren 1999.

 

Ein liten magisk augneblink frå Åråsen denne mai-kvelden i 1994 var forvarslet på kva som skulle koma frå den kanten. LSK-veteran Tom Guldbrandsen gjekk resolutt til verks då «jyplingen» Eirik Bakke gjorde sin første ballberøring. Men «Bukken» Guldbrandsen bomma stygt og fekk i staden oppleva «Bakke spesial», ein kjapp tunnel med påfølgjande gjennomspel til Tore André Flo som skaut millimetrar utanfor målet til Frode Grodås. Ein ny Bakke i SIL-drakt var i gang!!

 

Østfold-karen Øyvind Nilsen overtok etter Aabrekk og førte SIL direkte opp i eliteserien. Men etter tidenes verste SIL-innkjøp, med blant anna ei rekkje østfold-spelarar (!), vart det nedrykk igjen i 1994. Det var etter at sesongen hadde bydd på ujamn SIL-innsats og ein sesong prega av «stang ut». Tore Andrè Flo kan stå som døme på det. Fem scoringar mot 16 året før, men ungguten frå Stryn hadde utan tvil vist fram potensialet. Det skulle både Tromsø, Brann, Chelsea, Glasgow Rangers og ikkje minst landslaget få merka seinare!

 

1994-sesongen kulminerte med ein Hitchcock-kamp i vinterlege omgjevnader på Aspmyra i oktober. Alle som opplevde den spennande kampen mot Bodø/Glimt, gløymer ikkje så lett det dramaet som fann stad oppe i nord. Sogndal måtte vinna, medan Glimt ville halda plassen med uavgjort. Det enda 1-1 etter at Sogndal hadde eventyrlege sjansar i sluttminuttane, særleg ved Håvard Flo og Asle Hillestad. Ja, den same Hillestad skjønar ikkje den dag i dag kvifor han ikkje sette pannebrasken til SIL-corneren eitt minutt før slutt!! Men ballen ville ikkje i mål den dagen, og det var overnervøse Gllimt-spelarar som kunne jubla. I SIL-garedroben var det stille og heller dyster stemning. NRK-reporter Birger Meland hadde det minst like vondt som Håvard Flo og Co då han prøvde å intervjua spelarane!

 

Men sjølv om spelarar som Håvard og Tore Andrè Flo forlet Sogndal, heldt trenar Nilsen frå Fredrikstad fram på Fosshaugane. Hausten 1996 var det klart for meir SIL-jubel etter kvalik-siger mot Odd. For trenar Nilsen ei stadfesting på at den kursen han valde med Sogndal var rett. Odd Grenland var sjanselause då trioen Eirik Bakke, Eivind Karlsbakk og Bent Apneseth førte an og utklassa telemarkslaget i to kampar.
 

Ein stor augneblink for Øyvind Nilsen då SIL-gutane gjekk av bana på Odd stadion og laget tok plass på øverste hylle nok ein gong. Med to TV-overførte kampar fekk Sogndal dessutan framifrå reklame.

Det er og og grunn til å nemna Flo-trioen Jostein, Tore André og Håvard sin proff-suksess i utlandet, vel og merka med Sogndal som utgangspunkt for suksessen. Og Sogndal sitt ry som «proffe» i overgangssaker er vel kjent langt utanfor landegrensene. At kvartetten Frode Grodås, Jostein Flo, Tore André Flo og Håvard Flo var med i VM-98 då Norge slo Brasil 2-1 med utlikningsmål av Tore André, er og verdt å ta med når denne fotballhistoria skal skrivast.

Meny



Sogndal Fotball - Postboks 164 - 6851 Sogndal Tlf: 57 62 90 00 - Fax: 57 62 90 01 - E-post: post@sogndalfotball.no - Redaktor: Egil B. Mundal | Admin



Sparebanken Vest Lerum