Sogndal Fotball

 


Du er her : Startside  »  Klubben  »  Historia  »  6 Jensen, Fylling og Speight

...

Jensen, Fylling og Speight

 

Med erfaring som spelar og trenar i Tromsø kom Truls Jenssen til Sogndal fast bestemt på at SIL skulle forbli eit elitelag. Og med nord-norsk tæl og sitt smittande humør klarte Jenssen og SIL å innfri denne målsetjinga. Noko av forklaringa var ein fantastisk sluttspurt med blant anna 1-0 siger over nettopp Tromsø. Svein Are Andreassen (ex-TIL) og Terje Skjeldestad var dei to heltane frå Alfheim, men igjen var det ein stor lagsiger som låg bak Sogndal si overleving blant topplaga.

 
Treningsforholda var alt anna enn lette i førebuingane til denne sesongen. Det vart mange og lange løpeturar langs vegane i Sogndal. Men etter treningsopphaldet i Danmark ved påsketider, byrja SIL-mannskapet å ta form.

 

I sommarferien fekk Sogndal masse merksemd i media då ei disiplinærsak skaffa SIL Fotball mykje omtale. Men også her viste leiinga og spelarane at dei kunne takla det på ein byggjande måte. Då det såg som mørkast ut på hausten etter fleire stygge tap mot blant anna Rosenbborg (0-7), Lyn (2-5) og Brann (1-4), vakna Sogndal til live og avslutta sesongen med kanskje den beste sluttspurten i SIL-historia. Sogndal måtte vinna dei tre siste kampane samstundes som Tromsø måtte tapa sine for å unngå nedrykk eller kvalifiseringskampar. Og det heldt, utruleg nok, etter ein særs avgjerande bortesiger 1-0 over Tromsø og 2-1 over Kongsvinger på Fosshaugane i den siste kampen.

 

Eivind Karlsbakk som også var delaktig i kvaliken mot Odd Grenland året før, vart Sogndal sin toppscorar denne sesongen med sine ni mål. For Truls Jenssen vart det med den eine sesongen som SIL-trenar, noko fleire beklaga.

 

Fylling ved roret
Dermed fekk Trond Fylling tillit og samstundes sin elddåp som eliteserietrenar då 1998-sesongen skulle planleggjast. Det vart ein svært tøff og vanskeleg sesong med dårlege treningstlhøve vinterstid, skadar, konfliktar i spelargruppa og rekordmange baklengs i serien (målskilnad 26-80!!). Nedrykk og trøbbel låg liksom i korta denne sesongen. Rekordtapet 0-9 for Stabæk i den siste seriekampen, var alt anna enn hyggjeleg for Trond og spelarane. Men som alltid, Sogndal har ei eiga evne til å koma att. Og Trond har jobba ufortrødent vidare med å utvikla den etter kvart så kjende SIL-stilen.

 

Mike Speight
Det skulle bli meir trubulens og fleire trenarskifte før det vart nytt opprykk for Sogndal. Engelskmannen Mike Speight som har trena eit tital norske lag dei siste 15 åra, vart sett på oppgåva å føra Sogndal opp att. Med sin typiske engelske stil vart det eit systemskifte for spelarane, og truleg like mykje for SIL-leiinga. Den nye SIL-stilen skulle lanserast, men spelemateriellet var for spinkelt til å klara målsetjinga om opprykk alt i 1999. Eirik Bakke var sentral og den naturlege kapteinen. Han fekk glimrande oppfølgjing av trenar Speight, og sjølv hevda Bakke at han fekk det beste grunnlaget han kunne få med Speight i Sognahallen før Leeds United vart arbeidsplassen hans.

Meny



Sogndal Fotball - Postboks 164 - 6851 Sogndal Tlf: 57 62 90 00 - Fax: 57 62 90 01 - E-post: post@sogndalfotball.no - Redaktor: Egil B. Mundal | Admin



Sparebanken Vest Lerum