Opptur, nedtur og Emberland
Etter mirakelet på Ullevaal i år 2000 kom det fire år med Tippeligaspel. Glomnes leia dei to første åra. I 2001 var nok Sogndal ein smule undervurdert. Den offansive satsinga saman med eit godt fysisk grunnlag gjorde at laget stort sett holdt seg midt på tabellen.
Eit av høgdepunkta i 2001 var 3-3 mot Odd Grenland på Fosshaugane, der Håvard Flo redebuterte på Sogndal etter proffopphald i Danmark, Tyskland og England. Håvard viste at han kom til å bli viktig. Han scora reduseringa etter at Odd hadde teke leiinga 2-0, og vart kåra til bana sin beste av pressa. Eit anna høgdepunkt var 4-3 sigeren over Brann på Fosshaugane. Sogndal leia 3-0, før Brann henta opp leiinga og utlikna fem minutt før slutt. Då fall Roar Fredriksen i straffefeltet, Rune Pedersen peika på straffefeltet og Rune Bolseth scora sikkert. Stadion eksploderte. Arne Førde tok farvell etter denne sesongen, og Trond Fylling tok dobbeltrolla som sportsleg elair og hjelpetrenar.
2001 hadde også sine nedturar. Odd Inge Olsen si takling av Tommy Øren fekk stor følgjer for Tommy, og han var ute resten av sesongen med beinbrot. Mons Ivar Mjelde "vikarierte" denne sesongen i sju kampar for Tommy, fram til Håvard var klar.
Våren 2002 vart tung, og med tap 4-0 heime mot Moss like før sumaren var bunnen nådd. 8 poeng etter halvspelt sesong krevde handling. Marco Reda og Raoul Kouakou vart henta inn i stallen og Harald Aabrekk slutta seg til trenateamet til Torbjørn Glomnes. Oppturen kom, og tok 22 poeng på hausten og redda plassen. Brann måtte spele kvalik. Raoul Kouakou spelte vart ein heldt i Sogndal si drakt, men mange raude kort gav han tilnamnet Raude Raoul. Systrendingen Nils Tore Krosshaug var hjelpetrenar dette året.
25. august var ei lang ventetid over. Sogndal tok skalpen til Brann på bergensarene si eiga bane. Sogndalslogoen henge høgt over Brann Stadion, og bussturen heim var nesten like spesiell som frå Ullevall i 1976 og 2000. 2002 var også siste sesong for ei legende i Sogndal, Asle Hillestad takka for seg etter 612 kampar. Mest i Sogndal si historie.
Etter tre sesongar med Torbjørn Glomnes kom sørlendingen, med mellom anna tidlegare aktiv kariere i Tyskland, Sogndal og Rosenborg, Jan Halvor Halvorsen inn.Trond Fylling inntok atter ein gong dobbeltrolla som hjelpetrenar og sportsleg leiar, og laget klatra til tabelltoppen. Vårsesongen enda nesten like godt som haussesongen året før. 21 poeng vart vunne etter halvspelt serie, og berre Rosenborg var framfor oss på tabellen etter 16 rundar og 28 poeng. Dei ti siste kampane tok laget berre 7 poeng og laget havna til slutt på ein 8. plass med 35 poeng. Vårsesongen vart leda fram av turboen Rune Buer Johansen, som takka for seg etter sesongslutt. Neste stoppestad for han vart Ham Kam.
Diverre holdt nedturen som starta på hausten året før fram i 2004. Med unnatak av gledelege stunder med Alexander Ødegaard på landslaget vart det ein tung sesong. Fokuset vart meir og meir vent mot Fosshaugane Campus og ny stadion. Etter sesongen takka både Alexander Ødegaard og trenar Jan Halvor Halvorsen for seg. Trond Fylling kom inn, denne gang som hovudtrenar. Med seg fekk han Johann Sigurdsson - tidlegare strynetrenar.
2005 sesongen starta på ein byggeplass. På bana starta det bra, men så starta nedturen. Tap heime mot Sandefjord og så borte med dumpekandidat Løv Ham. Sogndal-skuta begynte å vakle. Skadene kom i rask rekkefølgje.Det seier sitt når den største prestasjonen var ein knapp siger borte mot Follo - då hadde laget med seg spelarar frå 2. laget som seinare på hausten sat på benken til sitt eige lag. Det var ikkje til å unngå at sesongen vart ein nedtur. Symbolet på oppturen hausten 2003, Raoul Kouakou, var skada om lag heile vårsesongen. Han fekk med seg fire kampar om sumaren før han vart seld til Malmø FK.
Framfor 2006 sesongen kom Anders Giske inn som sportsleg leiar. Medan dagleg leiing og styret hadde fokus på Fosshaugane Campus og bygging, skulle Giske bygge sport. Stig Nord kom inn som trenar.
Sesongen 2006 hadde 2 store datoar i juli. 7. juli vart Fosshaugane opna av fylkesordførar Nils R. Sandal, med 2 statsrådar, fotballpresident og fylkesmann til stades. Same dag var det kamp mot Bryne. Denne vann vi 2-0. Fem dagar etter gjekk vi vidare i cupen på straffespark mot Stabæk, etter at det stod 2-2 etter ordinær tid. Kampen vart spela på Nadderud. Diverre tapte vi nokre dagar etter i 4. runde mot Follo heime.
Framfor 2007 sesongen vart Karl Oskar Emberland tilsett som hovudtrenar. Han starta med å bygge lag og spelemønster. Med han kom Jo Inge Gåsvær tilbake som fysisk trenar. Ole Hjelmhaug vart omskulert frå spelar til hjelpetrenar. Saman med toppspelarutviklar Torbjørn Glomnes fekk denne gjengen hovudansvaret for å bygge lag.
Sesongen 2007 vart tung. Laget vart slått ut i 1. runde i cupen mot Stryn. I serien starta det bra, men etter litt vart det bråstopp. Det vart 10 kampar på rad på sumaren utan siger. Laget enda opp med 44 poeng.
I 2008 skulle oppturen koma. På våren gleda cupinnsatsen. Laget kom heilt til 4. runde. Den vart spela heime på Fosshaugane. Laget spelte ein god og jamn kamp mot laget som vart seriemeister seinare på hausten. Dette trass i at Stabæk spela med ein mann meir i halvannan omgang. Tapet måtte kome. Med denne kampen kom optimismen for alvor og hausten vart ein lang opptur i serien. Laget nådde målet sitt om 54 poeng. Denne poengsummen gav 4. plass og kvalikk mot Ålesund. Sjølv om vi tapte kvalikken var sesongen ein sportsleg opptur totalt sett.
Framfor 2009 går Karl Oskar på sitt 3. år som hovudstrenar. Sitt andre år som sportsleg leiar. Optmismen er kome for alvor. Laget går gjennom forsesongen utan tap....