Sogndal Fotball

 


Du er her : Startside  »  Klubben  »  Historia  »  9 Jente- og damefotballen

Jente og damefotballen

 

Sogndal og jentefotball har ingen lang historie. Det var på 80-talet at jentene for alvor inntok fotballbana. Etter ein heller sped start, fekk vi for alvor ein stor vekst på jentesida tidleg på 90-talet. Magdalon Sætre har vore ei drivkraft som trenar både for jente og damelaget i Sogndal, noko han fekk fotballforbundet sin velfortente heider for dette året.

 
Tone Bakke og Trine Lerum har begge spela aldersbestemte landskampar, og dei tilhøyrde ein årgang som gjorde det svært så bra med siger i BT-cup 1990 og strålande innsats på Norway Cup med kvartfinaleplass som resultat same året. Trine hadde og eit vellukka opphald i Trondheims-Ørn der ho fekk med seg så vel cupmeisterskap som seriemeisterskap.

 

Nemnast må og Eli Anne Skartun som har trakka sine fotballsko i Sogndal, men som naturleg nok melde overgang til Kaupanger i 1. divisjon. I dag gjer ho stor suksess i Arna-Bjørnar. Blant anna sikra 21-åringen semifinaleplass i NM for laget sitt då ho scora 2-1 målet i første ekstraomgang. Eli Anne har og fått sin debut på U-21 laget.

 

Frå 2003 voks jente- og damfotballen opp til å bli nesten like stor som gute- og herrefotballen. Jentene tok også stor sportslege steg. 2008 sesongen vart Sogndal krinsmeeister i småjente og jenteklassen. Jenter 14 vann Norway Cup for 7ar-lag i sin klasse. I tillegg vann damelaget si avdleing i 3. divisjon og spelte kvalikk om opprykk til 2. divisjon. Trass tap der vart 2008 sesongen den største så langt for jentene i klubben. Dette lovar godt for jenteframtida i klubben....

Meny



Sogndal Fotball - Postboks 164 - 6851 Sogndal Tlf: 57 62 90 00 - Fax: 57 62 90 01 - E-post: post@sogndalfotball.no - Redaktor: Egil B. Mundal | Admin



Sparebanken Vest Lerum