Sogndal Fotball

 


Du er her : Startside  »  Klubben  »  Miniakademiet

Miniakademiet

 

Ansvaret for drifta av miniakademiet er styret i aldersfastlagt. Miniakademiet er eit tilbod til alle gutar/jenter i aldersgruppa 6-9 år. Vi ynskjer at miniakademiet primært skal vere eit aktiviseringstilbod for målgruppa, der leik og moro med ball skal vere hovudingrediensar. Samstundes skal deltaking på miniakademiet fungere som ein naturleg overgang til det ordinære akademiet. Deltakarane på miniakademiet skal også få moglegheit til å få prøve seg som keeper, difor vert det lagt opp keepertrening på to av samlingane. Desse tiltaka vert annonsert ei samling i forkant.


Miniakademiet er eit supplement til ordinære fotballtreningar. Det er heller ikkje meininga at miniakademiet skal skyve vekk andre aktivitetar ungane er opptekne av. Samlingane for miniakademiet vert også i år primært lagt til formiddag laurdag.

 

Praktisk

På første økta er det innsjekk klokka 09.30. Oppmøte til resterande økter seinast 09.45. Deltakarar/foreldre bekreftar oppmøte til neste økt på økta i forkant. Viktig at deltakarane har med drikkeflaske og eigen ball. For dei som måtte ønske det kan ball kjøpast kontant på første økt.

 

Det er framleis mogleg for nye deltakarar å melde seg på Miniakademiet etter nyttår. Prisen vil då vere 600 kroner.

 

Påmelding og betaling i Sogndalbui på nett.

Miniakademiet

Ansvarleg: Knut Hauge
Instruktørar: Trenarar frå aldersfastlagt, spelarar frå a-laget og damelaget
 

Kontakt:
Miniakademiet – Sogndalfotball
Pb 164
6856 Sogndal
Epost: akademiet@sogndalfotball.no
Tlf.: 57 62 90 00

 

Treningstider

Laurdag 14. november

Søndag 29. november

Laurdag 5. desember

Søndag 13. desember

Laurdag 9. januar

Laurdag 23. januar

Laurdag 6. februar

Laurdag 13. februar

Laurdag 20. februar

Laurdag 6. mars

Laurdag 20. mars

 

Alle øktene frå 10.00-11.00



Sogndal Fotball - Postboks 164 - 6851 Sogndal Tlf: 57 62 90 00 - Fax: 57 62 90 01 - E-post: post@sogndalfotball.no - Redaktor: Egil B. Mundal | Admin



Sparebanken Vest Lerum