
Tommy nær avtale med Sogndal
(10.11.2009 15:15:00) | Skrive av: Yngve Hallén | 1943 visingar
- Eg har hatt fleire samtalar med Tommy Øren den siste tida. Tommy ynskjer å spele for oss, og vi ynskjer han i klubben. Kun detaljar står igjen før ein avtale er i boks.
Dette seier adminsitrativ leiar sport, Trond Fylling, til sogndalfotball.no.
Tommy Øren har spelt 278 kampar for Sogndal og scora 83 mål. Av desse er 188 obligatorsike serie- eller cupkampar.
Truleg skriv Øren under ein eittårsavtale i nær framtid. Han kjem frå HamKam som rykka ned i 2. divisjon. Der har han vore sidan overgangen frå Sogndal før sesongen 2006.