
Kick-Off 2010
(07.02.2010 08:17:00) | 802 visingar
Laurdag 13. februar sparkar me igang 2010-sesongen og me håpar DU vil bruke litt tid med oss.
Her er invitasjonen (*.pdf)
Dagen startar med sponsorturnering klokka 11.00 der samarbeidspartnarane våre møtest til ei uhøgtideleg tevling.
Klokka 15.30 spelar a-laget mot Skarbøvik i Sognahallen og det er gratis inngang og kiosksal
Klokka 18.00 møtest me på Quality Hotel Sogndal der Jørgen Christian lovar ein hyggeleg og rimeleg time, før me går til:
KICK-OFF 2010 klokka 19:00
Harald Aabrekk - Egil B. Mundal - Rasmus Mo - Geir Inge Heggestad - a-laget - supportarar - samarbeidspartnarar - funksjonærar - tilsette - tillitsvalde:
Presentasjon av spelarar og trenarar, nye drakter og treningskolleksjon frå Umbro. Allsang, høg puls og store glis. ME E MED!
Me avsluttar med middag i restauranten ca klokka 20.30 før de kan nyte hotellet sine serveringsstader ut i dei små timar.
Kick Off 2010 er gratis. Middag kostar 350,- kroner og skal tingast hjå rm@sogndalfotball.no. Frist: tysdag 9. februar.
ARRANGEMENTET ER OPE FOR ALLE!
Stao no Pao!
Tilbake