Sogndal Fotball

 


Du er her : Startside  »  Nyheter  »  Aktuelt


Sogndal 2-Løten 3-1

 

Sogndal 2-Løten 3-1

(06.03.2010 07:42:00) | 416 visingar


 

Kampfakta


 

Fredag 05.03 spelte Sogndal 2 treningskamp mot Løten. Sogndal 2 stilte reint junior/gute lag mot 3. divisjonslaget Løten. Sogndal 2 måtte klare seg utan bidrag frå A-laget i denne kampen p.g.a. kampen mot Lyn og avreise til La Manga. I tillegg var Sogndal 2 utan juniorspelarane Thomas Ness og Gøran Wigum som er med A-laget til La Manga.

 

Sogndal 2- Løten 3-1 (1-1)

 

Mål

18 min 1-0: Marius Hellebust

33 min 1-1: Løten

60 min 2-1: Thomas Dyrrdal

90 min 3-1: Sekou Sheriff 


Startoppstilling Sogndal 2

Eirik Hove(93), Olav Fretland(92), Leif A Teigen(92), Halvor Fretland(92), Jørgen Chr Lindstrøm(93), Marius Hellebust(93), Eivind Gjerald(94-hospitant), Vegard Aasen(91), Kenneth Nondal(91), Thomas Dyrrdal(92) og Anders Hjeltnes(94-hospitant).

 

Innbyttarar: Håvard Bøyum(94), Kristian Nornes(94), Sebastian Øyrehagen(91), Sekou Sheriff(93), Mats Nondal(94), Eskil Sundsøy(94) og Jørgen Eide Øy(93).

 

Trenar Morten Wigum seier etter kampen at han er nøgd med at juniorspelarane tek opp hansken og viser at dei er å rekne med når Firdaligaen startar. Hjelpetrenar Sebastian Kaldestad legg til at gutespelarane som var med gjorde sine saker bra. "Sjølv om ein tempomessig har ein del å gå på, så legg kvar og ein ned ein solid innsats og viser at dei evnar og ynskjer å ta steget opp på seniornivå". I tillegg til spelarar frå eige gute og junioravdeling var også hospitantane Eivind Gjerald og Anders Hjeltnes frå Syril med på kampen. 

 

Neste treningskamp går 21.03 klokka 15.00 i Sognahallen mot Kaupanger.

 



 

  Kommentarar

Ingen kommentarar.

     

For å kommentere denne saka må du vere registrert brukar. Logg inn eller registrer deg.

 

 

Del denne artikkelen     

Sogndal Fotball - Postboks 164 - 6851 Sogndal Tlf: 57 62 90 00 - Fax: 57 62 90 01 - E-post: post@sogndalfotball.no - Redaktor: Egil B. Mundal | Admin



Sparebanken Vest Lerum