
Yngve – eit godt val
(07.03.2010 11:25:00) | 616 visingar
Så har han hamna der han høyrer heime: På toppen av norsk fotball. For bygda Sogndal, for fotballfylket Sogn og Fjordane og for klubben Sogndal Fotball er dette ei stor ære.
Vi som kjenner Yngve Hallén (42 år på søndag) veit at dette er eit godt val for norsk fotball, både for breidde og topp. Framfor nokon andre evnar Yngve å sjå dei store linjene og dei store samanhengane. Framfor nokon andre veit han at ein må spela på lag for å få resultat.
Difor er det ikkje berre vi sognogfjordingar som har grunn til å vera stolte over valet av ny fotballpresident. Med Yngve i førarsetet for norsk fotball har alle eldsjelene, alle dugnadsarbeidarane, heile grunnfjellet som utgjer Noregs største særforbund – Noregs Fotballforbund (NFF) – grunn til å strekkja armane i vêret og jubla.
Det same har dei som vil oppnå resultat, dei som utgjer toppfotballen i Noreg; Yngve veit at det er samanhandling mellom breidde og topp som gjev resultat. Utan breidde, ingen topp.
I Sogndal har Yngve sett tydelege spor etter seg; Sognahallen, Idrettssenteret og Campus Fosshaugane hadde aldri vore dei institusjonane og byggverka dei er i dag utan Yngve som regissør og pådrivar. Alltid saman med andre, men alltid sentral og i front.
Men dei djupaste spora har han likevel sett etter seg på det menneskelege plan. Yngve er lagbyggjar, Yngve er kamerat. Uredd og temperamentsfull, ja visst, men samstundes audmjuk og raus som få.
Lukke til som fotballpresident, Yngve! Og gratulerer til alle som vil det beste for norsk fotball.
Mange lykkeønskje frå Fotballfamilien
Send dine gratulasjonar til Yngve i kommentarfeltet under