Sogndal Fotball

 


Du er her : Startside  »  Nyheter  »  Aktuelt


Laget mot Fredrikstad

 

Laget mot Fredrikstad

(11.03.2010 21:09:00) | 889 visingar


 

To "nye" i startoppstillinga


 

Opphaldet på La Manga går mot slutten og i den 3. kampen på ei veke er Fredrikstad motstandarar. Desse 11 startar kampen (4:4:2):

 

Piotr Leciejewski
Mats Goberg Solheim
Even Hovland

Lars Grorud

Per Egil Flo

Barry Kader

Ahyee Aye Elvis

Henrik Furebotn

Ole Jørgen Halvorsen

Espen Olsen

Ulrik Flo

 

To "nye" i lagoppstillinga i høve førre kamp: Spanande å sjå Barry i Sogndaldrakt igjen og Ulrik viser stigande form.

 

Sjølv om det vart eit unødvendig tap mot Sarpsborg i førre kamp ynskjer Harald Aabrekk å bygje vidare på lagstrukturen og arbeidsinnsatsen frå denne kampen. Han understrekar at ein må luke vekk personlege feil og at ein vil justere presshøgda noko inn mot Fredrikstadkampen. Denne kampen er siste økt på La Manga og me håper på ein god kamp og siger.

 

Dei som ynskjer å lese meir om opphaldet på La Manga kan vitje Ole Jørgen sin blogg.

 

Stao no Pao!



 

  Kommentarar


Resultatet??

ka blei resultatet?

Lagt inn av: sogning den 12.03.2010 17:25:45



Resultatet??

ka blei resultatet?

Lagt inn av: sogning den 12.03.2010 17:21:39



Update

Det er utruleg dårlig oppdatering på desse sidene. Det er og syltynt det som skrives som referat frå spelte kamper. Nesten ikkje bryet verdt å lese. Skjerpings

Lagt inn av: Anonym den 12.03.2010 17:18:11



Sogndal-FFK

Detta er skuffande, her har klubben ein stor jobb å gjera.... Det burde vera muleg med ein journalist på La Manga,å halda oss godt oppdatert på kampen, men her er lite info å henta, desverre!

Lagt inn av: supportar den 12.03.2010 15:27:42



Sogndal-FFK

Detta er skuffande, her har klubben ein stor jobb å gjera.... Det burde vera muleg med ein journalist å halda oss godt oppdatert på kampen, men her er lite info å henta, desverre!

Lagt inn av: supportar den 12.03.2010 15:26:05



Latterleg

Kader, som gjorde mykje for å kome seg vekk frå saftbygda, han vil dei ha tilbake og tek i mot med åpne armar. Lubienecki, som så gjerne vil vere igjen i bygda, han blir "driftsmedarbeidar"..

MEN, godt å sjå oppsettet! Dette er eit lag eg kan ha tru på! :)

Lagt inn av: K den 12.03.2010 10:15:54



slutt opp!

Flott at Sogndal tek guten til bake. Sjå framover! Om han gjorde ein tabbe takka vere dårlege rådgjevarar i fjor så må ein legge det bak seg. han er ein resursperson!

Lagt inn av: Anonym den 12.03.2010 10:06:49



:O

Har ikkje mykje te over for Barry Kader, MEN! Sportsle sett genialt trur eg. God Nyheit

Lagt inn av: Anonym den 12.03.2010 02:42:44



Skandale

Skandale at de tek Kader inn i heten att. Ein større svikar skal det leitast lenge etter.

Lagt inn av: HinaPina den 12.03.2010 00:28:05


     

For å kommentere denne saka må du vere registrert brukar. Logg inn eller registrer deg.

 

 

Del denne artikkelen     

Sogndal Fotball - Postboks 164 - 6851 Sogndal Tlf: 57 62 90 00 - Fax: 57 62 90 01 - E-post: post@sogndalfotball.no - Redaktor: Egil B. Mundal | Admin



Sparebanken Vest Lerum