
Sogndal møter Førde
(18.03.2010 19:31:00) | 525 visingar
På Kaupanger Idrettspark klokka 1700. Kjem det til å bli Sogndal sin 29. siger over Førde, eller blir det sitt 4. tap? Møt opp, og finn ut.
Sogndal skal møta Førde I.L på Kaupanger Idrettspark i fredag 19.mars, klokka 1700. Dette blir ein sjanse for Førde å revansjera tapet sitt mot Sogndal tidlegare i vår, då Sogndal vann 2-0 etter scoringar av Tommy Øren og Moustapha Cissè. Og for Sogndal sin del, ein sjanse til å snu treningskampformen, sånn att me endar opp med siger denne gongen. Dei 11 som Aabrekk har valgt ut til å starta kampen, blir klare før kampen.
Litt statistikk om kampen for dei interesserte:
Hyppigaste resultat mellom dei to laga er 2-0 til Sogndal.
Sogndal har 28 sigrar, medan Førde har 3 sigrar, mens 3 av dei har enda med deling av skryteretten. Og skal ein gå litt meir innpå det statistiske, så kjem resultatet til å bli 4-1, utifrå gjennomsnittresultatet i dei tidlegare kampane.
Værgudane varslar om 5 grader, og litt regn i Kaupanger.
Dette blir den nest siste treningskampen før den spanande seriestarten, der Sogndal tek imot eit nyopprykka Ranheim 5. april på Fosshaugane Campus.