.JPG)
Treningsavgift 2010!
(19.03.2010 13:54:00) | 1620 visingar
I år skal det bli enno meir attraktivt å være aktiv fotballspelar i Sogndal Fotball!
Då Eidaren Harald Aabrekk kom trampande inn dørene på Fosshaugane Campus, var han veldig opptatt av at me må bygge klubben og utvikle oss klubbmessig!
I den prosessen me har vore i gjennom, blei det lansert forslag om at sesongkort på Fosshaugane Campus burde være inkludert i treningsavgifta til alle aktive spelarar i seriesystemet, som ein ekstra påskjønnelse for stor dugnadsinnsats, for å skape ein enno meir attraktiv heimearena og for å bli ein enno betre sosial møteplass.
Måndag kveld vedtok styret at SESONGKORT PÅ FOSSHAUGANE CAMPUS skal vere inklusive i treningsavgifta for alle lag i seriesystemet! (dvs frå lillejente/lillegutt og oppover)
Det betyr at du som aktiv spelar kan oppleve alle dei spanande kampane på Fosshaugane i år når du har betalt treningavgifta. For lillegutt og lillejenter betyr det plass på Familietribuna, medan ein frå småjenter/smågutt vil få plass på ungdomsfeltet på Sognekrafttribuna (felt H & felt I Nedre).
Framgangsmåte:
For å få sesongkortet klart til fyrste kampen mot Ranheim 05 April kl 18:00, må du betale treningsavgifta seinast PÅSKEAFTA.
På same måte som i fjor betalar du denne i SOGNDALBUI
Sesongkortet hentar du i den nye billettluka i Sogningentribuna på kampdag
mellom klokka 16:00 og 17:30.
NB: Etter 17:30 vil det ved kø kun være sal av ordinære billettar i lukene, og ein må kjøpe seg vanleg billett til kampen. Vær difor påpasseleg med å hente ut sesongkortet før 17:30.