
Sogndal Fotball har offisielt motteke bod på Even Hovland
(24.03.2010 15:24:00) | Skrive av: Eldar Skjeldestad Åsebø | 1563 visingar
Vaimingen er ettertrakta, og no har det første skriftlege bodet dukka opp hjå Sogndal Fotball.
Even Hovland er eit stor midtstoppartalent, som mange klubbar har fått augene opp for. Tidlegare i veka har Trond Fylling avkrefta att han er på vekk, og har sagt att han er Sogndalspelar i seriestarten mot Ranheim 5.april. I dag dukka likevel det første skriftlege bodet opp på Sogndal Fotball sine kontor. Det var frå tidlegare Sogndalspelar Kurt Heggestad sin klubb Veitastrond Fotball, klubben som no oppheld seg i 4. divisjon. Dei har lagt lista høgt, og har lagt heile 1.000,- (eit tusen) på bordet.
Dagleg leiar Egil Mundal har følgjande kommentar til saken: "Me kan bekrefte at me har motteke bud på Even Hovland" seier Egil Mundal til sogndalfotball.no. ”Me kan òg bekrefte at me på tradisjonelt fotballvis har motteke budet på telefax.” Vidare fortel Egil, ”I høve til bæreevna til Veitastrond ser me at bodet er høgt frå deira side, men at me ikkje kan sjå oss råd til å selje Even for denne prisen. Me ynskjer geitebukkane på Strondi lukke til med sesongen.”
Så då vil nok Even aksle den svarte og kvite drakta i seriestarten mot Ranheim.