
Tine Fotballskule Sogndal 2010
(04.08.2010 15:10:00) | 1661 visingar
Siste veka av Tine Fotballskule !
TINE Fotballskule Sogndal
Fotballskulegeneral Terje Skjeldestad, med stab, er klare for storinnrykk av ivrige fotballspelarar i alderen 7-15 år til sumaren. I år startar vi fotballskuleveke 1 og 3 med eit storstilt opningsshow på Fosshaugane Campus. Alle vekene vert avslutta med grilling og sosialt samvær. I tillegg til det sosiale vil vi i år ha auka fokus på at kvar einskild skal få best mogleg sportsleg utbytte uavhengig om ein er med 1, 2 eller 3 veker.
Praktisk informasjon
I veke 25, 27 og 32 arrangerar Sogndal Fotball i samarbeid med Tine fotballskule for gutar og jenter fødde 1995-2003. Det vert aktivitet måndag til torsdag frå klokka 10.00 til 14.00 i alle vekene. Deltakarane, kan på eige ansvar, vere i Sognahallen frå klokka 09.00 til treningsstart alle dagar.
Instruktørar vert trenarar frå klubben samt spelarar både frå a-laget og Sogndal2.
Meir info om fotballskulen finn du her
Påmelding og betaling i Sogndalbui på nett