
Lagoppsett for Lillegutt 99 - våren 2010
(08.04.2010 23:47:00) | 318 visingar
Lagoppsett for Lillegutt 99 - våren 2010 er no klar.
Vi har meldt på to lag til seriespel og dei er namngitt som Sogndal 1 og Sogndal 2 i tråd med seriereglementet til Norges Fotballforbund. Det vil bli føretatt ei evaluering av laga etter vårsesongen med tanke på eventuell rokkering til hausten. Trenarane har fokusert på å få satt saman to balanserte og jamngode lag utifrå kvalitetar og ferdigheiter til dei ulike spelarane.
Laginndelinga finn du under informasjonsmodulen til høgre på laget si heimeside.