
Tidlegare oppgjer Mjøndalen - Sogndal
(24.07.2010 06:00:00) | 439 visingar
Får vi vår første siger på Nedre Eiker på søndag? Les om tidlegare oppgjer mellom oss og dei brunkledde her..
60-, 70-, 80-, 90-, 00- og 10 tallet. Det 17. oppgjeret på seks tiår blir spelt på Nedre Eiker Stadion søndag mot dei brunkledde frå Mjøndalen, og for første gang blir kampen spelt i Juli-månad, det har aldri skjedd før mellom oss og Mjøndalen.
Den første kampen mot Mjøndalen vart spelt i 1968, det var ein 2. runde kamp i NM. Asbjørn Sjøthun skåra det einaste målet for oss, i det som enda med eit 2-1 tap. Mjøndalen gjekk seinare heile vegen til cupfinalen der dei tilslutt tapte 3-0 mot Lyn.
På 70-tallet kom den første sigeren, Svein Bakke og Magdalon Sætre sørga for ein 2-0 siger over dei brunkledde. Sistnemnde skåra også i revansjen me fekk 13 år etter cuptapet i 1968. Då vann me 3-1 på heimebane, og den vetle 3-1 sigeren er faktisk det sterkaste resultatet me har mot laget på sørsida av Drammenselva.
Den mest målrike kampen vart spelt i 87, då enda det tilslutt 3-3 her i Sogndal. Mindre målrikt vart det i fjorårets to kampar, der den eine var vår første bortekamp for sesongen. Begge kampane enda med smultringar i protokollen.
5-6-5 er den samla statistikken på dei tidlegare 16 oppgjera. Våre gutar reiser nedover i dag for å ta med seg 3 poeng heim igjen, og den første sigeren vår på Nedre Eiker Stadion.