
Notisar
(29.07.2010 21:00:00) | 1028 visingar
Treningskamp, Dana Cup og fiskelykke i Eid..
Her kjem nokre små notisar frå dagens hendelsar.
Vårt A-lag har vore å spelt treningskamp i Eid, i samband med kampen vart det også gjennomført litt sosial hygge. Espen Olsen (bilde) hadde fiskelykken på si side, og fekk hala inn ein svær laks. På bildet kan du sjå ein svært stolt Espen. Dagleg leiar Egil Mundal tok til orde for følgjande kommentar til sogndalfotball.no; "-Eg synest eigentleg at Espen burde spart slik flaks til nokre avgjerande situasjonar på bana utover hausten, men det er jo kjekt at bykarar kan få kome til Vestlanden og oppleve kva ein skikkeleg fisk er.."
Kampen mot Eid vann me 6-1. Skåringane vart levert av Håvard Flo (2), Henrik Furebotn, Gustav Valsvik, Tommy Øren og Elvis framfor 250 tilskodarar på Eid Stadion.
Idag har våre to gutelag i Dana Cup spelt henholdsvis 1/32 finale og 1/16 finale i Danmark. Gutar 95 tapte 4-1 på straffespark mot Røa, og Gutar 94 tapte 5-1 mot Vidar etter ordinær tid. Dermed er cupeventyret til begge gutelaga ferdig, og dei vender nasen tilbake til moderlandet.