Sogndal Fotball

 


Du er her : Startside  »  Nyheter  »  Aktuelt


Notisar

 

Notisar

(29.07.2010 21:00:00) | 1026 visingar


 

Treningskamp, Dana Cup og fiskelykke i Eid..


 

Her kjem nokre små notisar frå dagens hendelsar.

Vårt A-lag har vore å spelt treningskamp i Eid, i samband med kampen vart det også gjennomført litt sosial hygge. Espen Olsen (bilde) hadde fiskelykken på si side, og fekk hala inn ein svær laks. På bildet kan du sjå ein svært stolt Espen. Dagleg leiar Egil Mundal tok til orde for følgjande kommentar til sogndalfotball.no; "-Eg synest eigentleg at Espen burde spart slik flaks til nokre avgjerande situasjonar på bana utover hausten, men det er jo kjekt at bykarar kan få kome til Vestlanden og oppleve kva ein skikkeleg fisk er.."

Kampen mot Eid vann me 6-1. Skåringane vart levert av Håvard Flo (2), Henrik Furebotn, Gustav Valsvik, Tommy Øren og Elvis framfor 250 tilskodarar på Eid Stadion.

Idag har våre to gutelag i Dana Cup spelt henholdsvis 1/32 finale og 1/16 finale i Danmark. Gutar 95 tapte 4-1 på straffespark mot Røa, og Gutar 94 tapte 5-1 mot Vidar etter ordinær tid. Dermed er cupeventyret til begge gutelaga ferdig, og dei vender nasen tilbake til moderlandet.



 

  Kommentarar


Gratulera med seier!

Saknar lagoppstillinga i forkant, sjølv om det er treningskamp. Flott at det sosialet vert sett i fokus, gratulera med laksen Espen :) Stao pao gutar!

Lagt inn av: supportar den 29.07.2010 21:37:53


     

For å kommentere denne saka må du vere registrert brukar. Logg inn eller registrer deg.

 

 

Del denne artikkelen     

Sogndal Fotball - Postboks 164 - 6851 Sogndal Tlf: 57 62 90 00 - Fax: 57 62 90 01 - E-post: post@sogndalfotball.no - Redaktor: Egil B. Mundal | Admin



Sparebanken Vest Lerum