
Pressemelding
(30.07.2010 17:54:00) | 808 visingar
Vedrørande saka rundt Vegar Gjermundstad..
Sogndal Fotball har følgjande uttalelsar & kommentarar i høve saka rundt Vegar Gjermundstad si overgang til Sogndal, med bakgrunn i det NFF presenterer på sidne heimesider i dag.
Sogndal Fotball er nøgde med det arbeidet og handteringa NFF har gjort i saka så langt.
”Me har stor forståelse for at dette er ei ny og komplisert sak for fotballen, då det er fyrste gong og forhåpentlegvis siste gong ein konkurs inntreff”.
Når det gjeld den formelle speletillatinga til Vegar Gjermundstad er han forventa speleklar for Sogndal i byrjinga av neste veke.
Han blir definitivt ikkje speleklar fyrstkommande sundag, då alle overgangspapir er klare fyrst i dag, og at dei dermed ikkje blir behandla av NFF før etter helga.
Sogndal Fotball har hatt ein konstruktiv dialog med konkursbuet til FC Lyn, og partane er einige i at ein er ueinige i spørsmålet knytt til trenings- og utdanningskompensasjon, og at saka for Sogndal sin del fyrst og fremst har prinsipiell interesse. Me vil også presisere at Høyanger sjølv har bekrefta at dei har motteke sin andel av trenings- og utdanningskompensasjon slik reglane seier det . Dette fann stad fyrste gong Vegar fekk profesjonell kontrakt med Lyn.
Det viktigaste for vår del no er at Vegar formelt blir klar for klubben, og kan bruke tida si på fotball.
Vegar har fått mykje fokus på det utanomsportslege, og me synest 20-åringen har handtert sakene profesjonelt og positivt der han sjølv har vore uskuldig tredjepart.
Vegar har følgjande kommentar til sogndalfotball.no
”Eg er glad for at saka no nermar seg slutten. Det har pågått ei god stund, og sjølv om ein jobbar med at det ikkje skal påverke prestasjonane og arbeidet ligg det alltid i bakhovudet”.
”No ser eg berre fram til å satse for fullt med Sogndal”
Med venleg helsing
Egil Mundal
Dagleg leiar