Sogndal Fotball

 


Du er her : Startside  »  Nyheter  »  Aktuelt


Litt generell statistikk før kampen mot Strømmen

 

Litt generell statistikk før kampen mot Strømmen

(31.07.2010 06:00:00) | 455 visingar


 

Halvspelt sesong, og me oppsummerar litt før morgondagens kamp mot Strømmen I. F


 

No har me møtt alle laga i Adeccoligaen ein gong, og på søndag blir første kampen mot eit lag me har møtt før i år. Strømmen gav oss tøff motstand, men Ole Jørgen og Espen sikra oss 3 poeng i den TV-sendte 15. mai kampen tidlegare i år.

Alle laga i årets Adeccoliga har spelt 14 kampar, forutan Ranheim og Moss som står med 13 kvar, dei skal spele sin kamp mot kvarandre den 5. august. For vår del så står me med 32 poeng, noko som betyr i gjennomsnitt 2,3 poeng i kvar kamp. Fredrikstad ligg like bak med 30 poeng.
Godt fordelt på heime- og bortebane har me teke 16 poeng begge plassar, forskjellen er att me har skåra fleire mål framfor publikummet på Fosshaugane Campus enn på bortebane. Målforskjellen totalt er 29 – 13, det vil sei att me har skåra tredje mest av alle laga, og me har sluppe inn minst mål av dei resterande laga i landets nest øverste divisjon.

Toppskåraren i Adeccoligaen ligg på ein suverent førsteplass med heile 17 mål, med 1,21 mål i per kamp er Marius Helle frå Bryne ein farleg måltjuv. Me har to spelarar på ein delt fjerdeplass påtoppskårartabellen, Ole Jørgen og Espen ligg begge med 7 mål. Dei skårar i gjennomsnitt i annankvar kamp, sidan ingen av dei putta ballen i nota bak Mjøndalenkeeperen sist helg, så kan me forventa ein skåring av begge dei mot Strømmen imorgon. Resten av spelarane som har skåra med Sogndaldrakta på seg er: Tommy (2), Ulrik (2), Håvard (2), Even (2), Elvis (2), Joakim (1), Mats (1), Barry (1), Per Egil (1) og Lars (1).



 

  Kommentarar

Ingen kommentarar.

     

For å kommentere denne saka må du vere registrert brukar. Logg inn eller registrer deg.

 

 

Del denne artikkelen     

Sogndal Fotball - Postboks 164 - 6851 Sogndal Tlf: 57 62 90 00 - Fax: 57 62 90 01 - E-post: post@sogndalfotball.no - Redaktor: Egil B. Mundal | Admin



Sparebanken Vest Lerum