
Me sikra oss tre nye poeng etter 3-0 over Mjøndalen
(12.09.2010 19:44:00) | Skrive av: Eldar Skjeldestad Åsebø | 1138 visingar
Ulrik, Henrik og Espen sørgja for ein 3-0 siger over Mjøndalen! Les kampreferatet her.
Sogndal 3 – Mjøndalen 0
Sogndal: Leciejewski, P. E Flo, Valsvik, Hovland, Solheim, Kader, Furebotn, Halvorsen, Elvis, Olsen (Øren 82.), U. Flo (H. Flo)
Innbytarar: Bendik, Gjermundstad, H. Flo, Solheim, Øren, Scheel, Røed
Mjøndalen: Rotevatn, Høvring, Dugoni, Reinoso, Strange, Olsen, Granaas, Paul (Darbo 59.), Midtgarden (Rønning 81.), Hansen, Laajaab (Solberg 71.)
Innbytarar: Myhre, Rønning, Karlsen, Sarr, Torgersen, Darbo, Solberg
Målskårarar:
Ulrik Flo (12.)
Henrik Furebotn (51.)
Espen Olsen (78.)
Gult kort:
Ulrik Flo (37.)
Even Hovland (48.)
Dommar:
Omar Rafiq, Teisen I. F
Tilskodartal:
1967
Med eit mål på dei siste tre oppgjera mellom oss og Mjøndalen, var det ikkje mange som hadde satt pengane på målkalas på Fosshaugane Campus, men målkalass vart det då Mjøndalen vart sendt heim med 3-0 i sekken. Harald måtte gjere nokre forandringar før dagens kamp, Gustav gjekk inn for Lars som måtte stå over dagens kamp med karantene. Det gjorde til att det vart Gustav sin tredje kamp på rad for start for oss. Nysigneringen Lasse Olsen fekk sin debut for Mjøndalen i dag.
Tidlegare på dagen spelte Fredrikstad og neste helgs motstandar Nybergsund/Trysil, ein kamp som enda 2-2, eit resultat som ikkje var veldig ueffent for vår del. Kampen på Fosshaugane starta roleg, men det var Mjøndalen som fekk det første hjørnesparket etter seks minutt. Samtlege av dei brunkledde forutan keeper og han som tok hjøresparket samla seg innanfor ein meter radius av Piotr, men lite hjalp det då hjørneparket gjekk over alle sammen.
Den første store sjansen kom etter 11 minutt, Per Egil slo ein flott pasning til Ole Jøgren som drog seg forbi oppassaren sin. Han la flott inn til Ulrik Flo som headda ballen tilbake der ballen kom ifrå, og keeper Rotevatn var totalt utspelt då ballen flaug over hovudet på han og i mål. 1-0 Sogndal.
Knappe ti minutt etterpå fekk Mjøndalen ein kjempesjanse, då eit hjørnespark landa på bakerste stolpe hjå Laajaab, han sett ballen forbi alle, men ballen går også forbi stolpen, og like utanfor.
Lasse Olsen fekk sin første sjanse for klubben då han slo Per Egil i ein hovudduell, men likevel vart forstyrra nok til att ballen gjekk utanfor. Me kontra etter det angrepet, og fekk pressa fram eit hjørnespark. I ein duell i feltet datt Even på rompa, men dommaren var ikkje enig i Even sin protestar om straffespark. Ulrik Flo fekk sitt første gule kort for sesongen då han holdt ein Mjøndalenspelar som var på veg igjennom forsvaret vårt. Frisparket gjekk ut til eit hjørnespark, som gjekk ut til utspel frå Piotr.
Rett før dommar Rafiq bles til pause, fekk me ein siste sjanse. Ole Jørgen drog seg forbi alle på høgrekanten, før han slo ballen inn i feltet. Der stod Barry som ikkje fekk skikkeleg treff, og ballen gjekk over mål.
Me fekk ein kjempesjanse då Ulrik vart spelt fri midt framfor målet til Mjøndalen, men han fekk ballen litt bak seg, og fekk ikkje skikkeleg treff på ballen, slik att keeper fekk redda skotet. På kontringen som Mjøndalen køyrde etterpå pådrog Even sitt 3 gule kort for sesongen etter han heldt igjen Laajaab.
Henrik gjekk åleina med ballen frå midtbana, han fann ingen å sentra til, så han skaut frå 20 meter, og ballen sneik seg inn forbi Mjøndalenkeeperen. 2-0 Sogndal. Ole Jørgen kunne ha auka til 3-0 då ein retur frå Rotevatn landa i føttene til Sarpingen, men skotet gjekk over mål. Hadde han teke seg litt betre tid, så kunne den ha gått i mål.
Eit fantastisk løp frå Barry Kader over heile banehalvdelen til Mjøndalen, fekk publikum til å reisa seg frå stolane sine Fosshaugane, eit knallskot frå Barry vart det, men skotet gjekk i feil side på nettet.
Nok eit godt løp frå Barry, og eit tilsvarande godt innlegg til Espen, men han bomma på ballen frå 3 meter, og skulle ønskt han kunne ha funne seg ei hole å grava seg ned i. Det samme skulle Håvard ha ønskt, då han bomma på ein tilsvarande sjanse rett etter han kom innpå.
Halvtimen av andre omgang var gjennomført då Henrik leika seg inne i 16 meteren, før han fekk avslutta, skotet kom ikkje fram til keeper, men ballen enda opp hjå Espen som banka ballen i mål. 3-0 Sogndal!
Sigeren kunne vore endå større då Tommy drog seg fri få minutt før fulltid, men skotet frå Årdølen traff aluminumsverket og gjekk ut.
Dommaren bles av kampen, og me sikra oss tre nye poeng, medan Fredrikstad snubla på heimebana. Neste kamp er NRK1-sendt, og går mot Nybergsund/Trysil førstkommande søndag klokka 1530.