Sogndal Fotball

 


Du er her : Startside  »  Aktuelt  »  Artikkel


Gustav Valsvik klar for Sogndal

 

Gustav Valsvik klar for Sogndal

(09.06.2009 10:47:00) | Skrive av: Yngve Hallén | 2625 visingar


 

Gutelandslagsspelar Gustav Valsvik (16) frå Vik skreiv i går kontrakt med Sogndal Fotball ut 2012-sesongen.


 

Det var etter kampen i den lokale Firdaligaen mellom Vik og Sogndal2 at Gustav, saman med sin far, Vik Idrettslag og Sogndal Fotball vart enige om ein overgang.

 

Kampen vann Sogndal2 noko ufortent 2-1 etter mål av Valtter Laaksonen og Oddbjølrn Skartun for Sogndal, medan Vik sitt mål vart scora av Valsvik. Han stod fram som ein av kampen sine store spelarar, trass unge alder.

 

- Denne signeringa er vi svært glade for. Gustav er ein spelar med stort potensiale, og kan vere ein framtidig tippeligaspelar og a-landslagsspelar, seier Karl Oskar Emberland.

 

- Han har ekstreme side når det gjeld fysikk, venstrefot og fotballforståing, forklarar Emberland. Klubbane og spelaren er enige om at Valsvik spelar ut sesongen for moderklubben.

 

- Vi er enige med Vik om ein overgangssum, seier Yngve Hallén. Avtalen ligg i same lei som tilsvarande avtalar med klubbar som leverer talent til Sogndal. Vik får også ein eventuell andel av eit vidaresal.

 

Valsvik begynner på Sogndal vidaregåande skule til hausten, og startar å trene med sin nye klubb allereide til sumaren. Han var med Sogndal på treningsleir på La Manga i vinter og står bokført med ein kamp for dei svart-kvite gutane.



 

  Kommentarar

Ingen kommentarar.


Ditt namn
Email
Website
Tittel
Kommentar
Legg inn koden

For å kommentere denne saka må du vere registrert brukar. Logg inn eller registrer deg.

 

 

Anbefalt fra Facebook

Del denne artikkelen     

Sogndal Fotball - Postboks 164 - 6851 Sogndal Tlf: 57 62 90 00 - Fax: 57 62 90 01 - E-post: post@sogndalfotball.no - Redaktor: Egil B. Mundal | Admin



Sparebanken Vest Lerum