
Ut med brus
(22.06.2009 11:39:00) | Skrive av: Rasmus Mo | 1824 visingar
Sundag 21. juni 2009 vil stå som ein merkedag i Sogndal Fotball si historie; frå den datoen er alle kamparrangement brusfrie.
Rett kosthald er viktig i idretten. Sogndal Fotball gjekk difor i dialog med Lerum for å gjera Fosshaugane Campus brusfri.
- Me har fått særs gode attendemeldingar på dette, seier arrangementsjef Geir Inge Heggestad. Det er viktig at våre arrangement framstår som sunne, seier Heggestad.
- Frå før har me stort fokus på salg av frukt og i tillegg er vår stadion røykfri. Me kjenner ikkje til andre stadionar som er brusfri, so me er stolte av å vera langt framme også på dette, seier Heggestad.
Alle kioskar på Campus er no profilerte i Lerumdrakt. Sunne produkt som frukt og bær prydar alle utsalgsstadene på stadion.
Merkedagen var Bryne og over 2000 tilskodarar på plass på Fosshaugane og "alle" let vel over tiltaket.