Molde - Sogndal 0-0
(11.02.2009) | 198 visningar
Sluttresultatet vart 0-0 i Molde. Første omgang var jamnspelt med ein stor sjanse til begge lag. Andre omgang vart prega av snøstorm og kvit bane, men begge lag hadde sjansar til å avgjere.
Laget: Terje - Elvis, Morten, Lars, Lukaz - Rune, Daniel - Anders Valtter, Henrik - Barry. På Benken sit Ole Marius Solberg, Ivar Løvik, Oddbjørn Skartun og Espen Olsen.
- Det var eit ufyseleg vær, sa Håvard Flo som følgde kampen frå sidelina. Han kunne melde om ein Anders Stadheim som framleis er i god form. Det var han som hadde Sogndal sine store sjanse, då ha vart gjennomspelt og kom åleine med keeper.
- Eg hadde skippa den over keeper og i mål, men Anders vart diverre parert, forklarar ein humørfylt Flo.
Ut over i 2. omgang vert speleforholda vanskelegare.
- Snøstorm og kvit bane, kunne Flo melde. Molde hadde kanskje ballen mest, men det var stort sett ein jamn kamp. Terje stod godt i mål, men hadde ikkje mykje å jobbe med ut over nokre fine redningar.
Molde hadde fekk eit mål annulert for offside.
- Dette var ei fin og god gjennomkøyring for oss, der vi spelar jamnt med eit tippeligalag, kunne Håvard Flo melde etter kampen.
Tilbake