Sogndal Fotball

 


Du er her : Startside  »  Nyheter  »  Aktueltarkiv


Eivind Daniel og Ørjan tilbake

(12.01.2009) | 204 visningar


Eivind Daniel Røed og Ørjan Hopen er no tilbake frå landslagssamling på La Manga. Eit flott opphald, trass tap mot Tyskland.


- Eg får berre positive tilbakemeldingar på desse to spelarane, seier Torbjørn Glomnes. Som toppspelarutviklar har han eit spesielt ansvar for desse a-apelarane.

Mot Tyskland spelte Eivind Daniel heile kampen som kaptein, medan Ørjan fekk ein og ein halv omgang frå start. Kampen tapte Norge med 1-0.

- Desse gutane trivst godt i landslagsgruppa, noko som er viktig for å prestera, seier Torbjørn, han gler seg til å få rapport også frå landslagsleiinga.

Eivind Daniel og Ørjan har eit tøft program framføre seg. Tysdag denne veka er det juniorkretsfinale mot Tornado Måløy. Til helga er det eliteturnering for juniorar i Sognahallen. Her skal dei to, saman med dei beste juniorane i fylket, prøve seg i kampar mot Haugesund, Notodden og Molde.

Om ein knapp månad, 7. februar, reiser dei på nytt på landslagssamling og mellomspel i EM kvaliken.

- Dei er flinke med skulearbeidet, for dette er eit tøft program, forklararTorbjørn, som også rosar Sogndal vidaregåande skule og idrettslina der for god tilrettelegging og god kommunikasjon.
- Dette hadde ikkje gått så smidig utan dei, avsluttar Torbjørn.



print
Tilbake


Sogndal Fotball - Postboks 164 - 6851 Sogndal Tlf: 57 62 90 00 - Fax: 57 62 90 01 - E-post: post@sogndalfotball.no - Redaktor: Egil B. Mundal | Admin



Sparebanken Vest Lerum