Sogndal Fotball

 


Du er her : Startside  »  Publikum  »  Blogg  »  Øyvind Heimset Larsen

Blogger: Øyvind Heimset Larsen


jun 8

Skrevet av: Øyvind Heimset Larsen
08.06.2010 21:10 

I flytsona

Fem sigrar på rad og det ser det lysare ut. Frustrasjonsblogg om lokalsporthøgdepunkt på rullator vart gjort til skamme dei første tre kampane ein ”burde” vinne. For meg vart Årdal- og Førde-kampane oppturar. Det er feil å fokusere på slurv ein slepp unna med, slik eg meinar Sogn Avis i vel stor grad gjorde etter glimrande bestått eksamen mot Bodø/Glimt. Sjølv vinnarlag kan ha for vane å heve seg mot god motstand. Jamt over var det godt over heile linja når det gjaldt som mest mot Bodø-Glimt. Og Håvard er på gong att. Men best av alt. Heimekampen mot LøvHam besto av TO gode omgongar. Det er ei god stund sidan sist. Nyinnkjøpt Sogndalvimpel fekk veie på balkongen den kvelden. Etter bonuskampen no mot Molde er det fotball -VM neste. Du verden som eg gledar meg.


Kjøpestogg og kva so?
NFF er bekymra. Det er gammalt nytt. Raud lys og det vert ikkje kjøpt nye i sommar. Men om Sessay er attende i august, so er jo det ein ny spelar inn. Då er stallen brei nok i mine auge til opprykk.

 

Elles var det ein nødvendig og bra bloggkommentar til raudlyset, Mundal.


Men opprykk OG nedrykk på ein gong?
De har vel ein plan for hausten, Fylling? Eliteseriespelarar får neppe verdifull trening av å spele 4.divisjon. Og du veit det vil og ha ymse motivasjonseffektar. For nye talent vert det enno verre å ta 4-mils-steg opp rett derifrå enn 3-milsstega no. Spranget vert ALT for stort. Det er imponerande stort no og frå nye og betre 3.divisjon og. Men diverre utan Sogndal 2 om de ikkje gjer grep. Ja, eg veit det har konsekvensar å nytte adeccospelarar frå start. Og eg er glad for at unge får mykje speletid. Men byggjer de dei optimalt med å tape so mykje kampar? Kven eg ville sett opp fast på  midtbana, det skjønar de nok. Han er jo uansett på kampen og på treningane. Går dette gale må ein vel leggje til rette for meir utlån neste år, kombinert med enno tettare samarbeid med utvalde klubbar. Ja, eg håpar då på Førde. Og eg fekk så vidt ymta frampå om dette til Mundal rett før Bodø-Glimt-kampen. Eg er spent på kva de får til. 
 

Nei, nei, nei. Dette er håplaust, speaker!
I so fall- nei uansett- MÅ speaker få beskjed om å heie på klubbane frå Sogn og Fjordane eller tige. Eg vil av fleire årsaker IKKJE høyre att kommentaren frå Løvham-kampen då Førde diverre låg under med fem mål. Eg meiner du skuldar nokon ei lita personleg unnskyldning der, speaker. Publikum og Saftkokaradn klappa hjarteleg då Kim Rune Hellesund vart bytt inn på LøvHam. Slik skal det vere med alle mangeårige Sogndal-slitarar. Eg er godt nøgd med å få servert humor frå speaker. Kjekskommentarar om gulkort er fint og ufarleg det. Men kutt usympatisk tøv og prøv heller framover å toppe prestasjonen din mellom Fjøra og Stabekk, då du proklamerte (fritt etter dårleg hugs) ”Vi har problem med sanitærtilhøva no, om behovet skulle melde seg vert mannfolka med dette oppmoda om å mige i periferien.”


God sommar til både dykk med og utan vuvuzela (plastikktrompeten)
 

Øyvind

Tags:

Ditt navn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Hjemmeside:
Tittel:
Kommentar:
Sikkerhetskode
Legg inn koden du ser i boksen under
Legg til kommentar   Avbryt 

Øyvind Heimset Larsen

Øyvind Heimset Larsen er nordfjording av 1974-årgong og ivrig Sogndalsupportar. Etter eit par år med gratisbillettar betalt av arbeidsgjevar fekk han nok av all støyen på Sognekrafttribuna, meldte seg inn i Saftkokaradn og betalte sjølv. Han har aldri angra.

 

 

Talentet for ei aktiv fotballkarriere rakk ikkje lenger enn til Sambalaget ved studiestaden og Hyen fotball, og grunnopplæringa som erke- Hyar gjekk allsidig på friidrett, breiddefotball, langrenn (sjølvsagt) og skyting, Likevel har han ein del meiningar om fotball generelt og Sogndal Fotball spesielt.

 

Øyvind fekk under utdanning oppleve stemninga på seine haustkveldar med CL-fotball og ikkje minst skaffa seg evig  medlemsskap i heia bortelaget av Lerkendal. Han tener til livets ophald som forskar på Vestlandsforsking.

 

I bloggen sin har Øyvind full redaksjonell fridom...



Sogndal Fotball - Postboks 164 - 6851 Sogndal Tlf: 57 62 90 00 - Fax: 57 62 90 01 - E-post: post@sogndalfotball.no - Redaktor: Egil B. Mundal | Admin



Sparebanken Vest Lerum