Herleg dobbel opptur i sikte
Sommaren har i år fart godt med troppen og det vart ingen ny formkollaps. Ein bra treningskamp mot eit litt sterkare Brann i Florø var eit god signal om at superforma mot Molde ikkje var heilt borte. Eg tykte kampen var bra underhaldning. Innleiande opningshymne (Stao no pao) frå ein ungdom i kvitt og svart høyrer eg gjerne att på campus.
Uansett. Moss fekk så juling og etter litt ypping gjekk det ikkje betre med Løvham. Og til alt overmål knuste laget Bryne med å effektivt utnytte alle sjansar. Du verden! Samtidig sleit opprykkskonkurrentane. Ikkje rart unge nyerfarne menn ytra opprykksoptimisme og framtidstru. Sogndalskapteinar har før gått i den fella og gløymt å ta ein kamp om gongen. Den vesle FFK- tuva sist velta berre eit lite lass, men sikrar ny nullstilling. Om ingen held for hardt i trøya men klarar seg for det, so vert cup- generalprøva mot Follo ein ny heimefest. Og so i kvartfinale då! Dette vert ein lang haustsesong. Heldigvis!
Fotball-VM blues.
Tidvis bra spel og artige kampar der inspirerer positivt. Men det er høyrt vuvuzelaer på campus! Ikkje på G-feltet, men det er uansett for nærme. Lag lyd og bruk gjerne ropert, men med den der? Fleire enn meg ønskte seg vuvuzela-bål til St.Hans i staden for høgderekordforsøk. Og er det Jubilani –fotballar i Adecco-ligaein? Vel. Avslutningar, innlegg og langpasningar har ofte gått litt i hytt og pine. Men Piotr har vore botnsolid, så eg tviler.
Kanskje har dei ein Paul blekksprut på på Sognefjord akvarium i Balestrand dei vil profilere? Det kunne vore interessant å få eksperttips før cupfinalen og siste kamp mot Ranheim. For tipping kan vere vanskeleg. Ein bekjent av ein bekjent var litt uheldig ei tid i VM med si resultattipping. Bergensaren låg klart sist i vår fjesbokgjeng på ti: Kommentaren var: ” (Sensurert) altså. Er med i en konkurranse til med 118 deltakere.
På 118. plass: (Anonym)... Møkka VM!”
Old boys mot juniorar på Fosshaugane: Kvifor?
Og ingen intern treningskamp Nestangen LL mot Sogndal 3. Det var Årdal mot Sogndal 2. Det vart fint veir, men verken fint spel eller fint resultat. Det var venta. Faktisk var det venta verre. Utan ein einaste frå a-laget eller senior frå bygda var det heile avgjort før kampen var i gong. Det var ikkje taktikken som avgjorde. Meldingane frå sidelinja var klåre og visuelle med to fingrar mot toppetasjen og andre universelle rørsler. Eg skjønar ikkje strategien i nokon av leirane.
Øyvind