Sjansesløsing og prestasjon
Det freistar å innleie med breisidemissen frå 2 meter skotten Chris Iwelumo presterte for ope mål mot Noreg. (Ikkje som Ulrik sist, nei.). Og det entusiastiske, ambisiøse frimerkeforsøket ein kamerat med noko Nordlie/Emberland/Mini-form nyleg hadde mot sportsleg leiar i Fjøra. Etter runddans langs ei kortside og deretter ei langside uvanleg intens, knallhard, målretta, men akk so mållaus defensiv jobbing var det til gongs kvelden. Samtlege i vår del av hallen sleit alvorleg med å trekkje pusten dei neste minutta. "Innbitt innsats og store frimerke er ikkje nokon garanti for suksess." (Sitat).Men dette såg smartare ut enn andremålet til Kongsvinger eller taktikken mot Hønefoss. For at dette ikkje skal bli mobbing. Same unike mann fekk spontan applaus frå halve hallen for eit dribleraid med variant av Rai , tofotsdragningar og målgivande pasning. Han har gjort det før og høver nok best i angrep. Eg tykkjer det passar å illustrere poenget med amatørfotballhistorier. For det skal ikkje vere mogeleg og er ikkje særleg proft å brenne dei mange opprykksjansane slik. Det svikta på fleire plan, som Endre Romøren kvast oppsumerer. For Doffen har ettertrykkeleg sjekka ut.
Vi får neppe nokon gong så mange 100%- sjansar til opprykk som det vart missa på i år igjen. Eg trudde det toppa seg i fjor, der eit mål mot eit økonomisk dopa Start hadde gjort mykje. Men det er berre å seie som kollegaen, kona var til sjukehus og han fekk bekymra, medfølande spørsmål om korleis det gjekk. ”Takk, ho er verre…” stotra han. Det gjekk bra.
Og det gjer det med opprykk i 2010, men no svir det. Med so mykje hjelp frå Fru Fortuna ville sjølv mindre justeringar vore nok. Og utan å bryte proklamerte prinsipp –som er bra å ha- kunne til dømes ein gamal eliteserietrenar, ein 2.divisjonstrenar og ein superspiss som allereie er i klubben, fått noko ekstra ansvar for å justere angrep, innlegg og avslutningar, diskutere kamptaktikk undervegs frå tribuneplass via sms o.a. Slikt har med hell vore prøvd her før. Ja, etterpåklokskap frå utsida er enkel sport. Klubben får gjere det meste av evalueringa sjølv. Neste år må vi greie oss sjølve.
Ønskjelista før jul
For underteikna er heldigvis mange punkt på ønskelista i tråd med signal sendt ut i det siste. Nødvendige endringar i og slanking av stallen er i full gong. Fleire lokale talent skal få prøve seg. Øren er på veg attende. God dialog og betre informasjon er skissert og innleia. Aldri meir ”Krig i Sogndal Fotball” som mediesak. Det er først på mi liste. Nokre viktige avklaringar er gjort. Nye (og gamle) gullfiskar sym ivrig rundt og styrer campusakvariet etter at leiarkabalen er lagt.
Emberland tok tak og bidrog bra med engasjement og nye initiativ intern i klubben. Dei må vidareførast. Og til sommarpausen skal han ha sin del av æra for det som var prestert. Eg ser enno ikkje heilt korleis maktbalanse og dialog vil fungere i gongane. Aabrekk har erfaring med store trenarteam (Enga). (Ikkje kopier den modellen!). Om eg kan få idemyldre litt, so kan Skjeldestad keeperskule godt bli supplert med Kurt Heggestad innleggskule og Håvard Flo angrepskule. Elvis kan få drive eigentrening, men elles bør det vere obligatoriske oppmøte frå dei fleste aktuelle. Inviter gjerne eit par av dei lokale skitalenta med på uthaldstreningar/testar for å sikre nivået og hindre falsk sjølvtillit. Det må jobbast i vinter.
Det siste og minst viktig til slutt
Inviter nokon med meir toppfotball erfaring til å bidra på vevloggen. Alle må evaluerast. Eg stiller plassen til disposisjon som det heiter. Helst for slike som Kjetil . Og no i fredsånd bør klubben også våge å invitere talsmann for Saftkokaradn med. Det har vore litt færre medbloggarar enn lova her, men snart er dei to andre vevloggane til Hallen som nye. Lat dei stå.
Yngve for President! Ver varsam no med mediehandteringa og mobiliser delegatane heilt ned i seriesystemet lokalt til årsmøtedeltakinga. Då kan det gjerne bli jubelsesong igjen.
Øyvind