Gledeleg opptur!
Det er mykje å glede seg over no: To gode kampar på rad med til dels godt spel i alle omgongar. Fortent bortesiger på kunstgras mot tabelleiar. Gjenkjenneleg spelestil med ein del bra spel og langs bakken. (Sjølv om det enno er litt mange uheldig pasningar). God innsats og kjemping over heile linja. Spissar som viser målform. Fleire situasjonar som vippar vår veg, slik gode lag med flyt gjerne opplever. Eit tett kampprogram no er berre ein fordel for eit lag med mange spelesugne på ein sterk innbytarbenk. Samla gir dette håp om å kunne halde på direkte opprykksplass, om å kunne legge bak seg både borte- og kunstgraskompleks og lågt botnnivå på prestasjonar, og om liv på Campus.
Norsk/verdsrekord på sidelinja?
Du la merke til det du og i kampen mot Moss? Energiske Emberland som slo eit par trenarrekordar. Rundetidene hans inne i sektoren må ha vore personleg bestenotering. Tal sektorrundar over to omgongar må minst ha vore norsk trenarrekord! Grasmatta i den smale hovudtrenarstien såg nedslitt ut, sjølv sett frå D-feltet. Og eg håpar han ikkje blir for støtt no, men han slo kanskje eit par av dei mest hardtarbeidande spelarane i masseforflyttning den kampen. I alle fall Furebotn… Aktivitet og engasjement på sidelinja er bra, men eg vart litt bekymra for om trenaren fekk sett nok på kampen på grunn av all kappgåinga. Gratulerer med rekordar og seinare strategisk seier over Nordlie. Kjøp stegteljar! Combaya, Emberland.
Ballsparkarar bør rett og slett ikkje alltid gå ut i media med si gode sak
Det gjeld negative utsegn om motstandar i etterkant av fotballkampar ein vinn og i forkant av kampar ein tapar. I det siste har nasjonal debatt gått på trenarar som hudflettar eigne spelarar og til og med sportsdirektørar med lottovinst. Dette tek seg dårleg ut, sjølv om det skulle vere fortent. Fortent og ufortent ros av motstandar derimot er berre triveleg, slik som Risholt sin ros av gamlelaget før Kongsvingerkampen. Difor var det fint at Emberland unngjekk å kommentere motstandardlaget og dommarinnsatsen etter kampen, sjølv om radiojournalisten bad om kommentar på det. Så no må eg innrømme at ingressen i sterk grad er motivert av lokale påsketuristar (frå Vik). Dei var i vår i det store utland (Danmark) på treningssamling for å klargjere seg til 3.divisjonsspel. Der tykte dei sola vart litt veik og samla seg i solariumavdelinga. Historia fekk ei ”brent barn skyr elden” avslutning. Triste greier, men fornøyeleg å lese om i Sogn Avis. ” Halve fotballaget til Vik såg ut som rosa griser etter ein omgang med dansk solarium.” Men Vik imponerte litt med å ta inn tomålsforspranget Førde hadde ein periode i siste heimekamp, so dei andre fellesøktene må ha vore betre. Uansett. Sjølv med fyldige reisebrev og saftige avsløringar frå sine treningssamlingar på sine eigne nettsider, greidde ikkje konkurrenten Fjøra (eller Sogndal) på nokon måte å matche dette. Og enn so lengje reiser dei lenger sør enn Danmark for å finne sol. Underteikna mistenkjer at også Sogningen Solsenter har godt besøk, men det sladrar ingen om. Sjå og lær.
Elles må eg få gratulere Christian Kalvenes med opprykket til Premier League. Kjempebra!
Øyvind