Poeng! Vi har nok uavgjortresultat
Poengmessig ser det gale ut med tanke på direkte opprykk, sjølv om alle kan slå alle i Adecco. Av frykt for nivåskilnad mellom Elite og Adecco, ville underteikna helst unngått den ekstra underhaldninga tre kvalifiseringskampar er. Men når Norsk Toppfotball set pengar på at Adeccolaga tapar, so motiverer det og…. Det kan gå. For Sogndal er blant dei som har greidd det før. Med betre enkeltomgongar med tendensar til spel og sesongens stadige smil frå lukkefrøkna bør ein saftkokar kunne ha trua litt til. LøvHam må ein då berre slå. Gjerne dei tre andre og. I innspurten er det ikkje for seint for Sogndal-laget å spele heile kampar på eit nivå som viser at dei har noko å bidra med i øvste divisjon. Men det hastar.
Lyn er ”berga” og hypotetiske spørsmål kan vente til sesongslutt. Som : Kva skjer om FFK/Tromsø/ andre tidlegare stempla ”ikkje kredittverdige” vert nekta ny lisens slik dei bør? Fleire går opp eller færre ned? Fleskasaus vert det uansett servert på Lægreids igjen neste helg og frå 2229 kjem SMS med lagoppstillinga til mange på familietribuna. Eg avventar i nervøs spenning.
”– Me rundspelte dei” og fekk uavgjort*2
Du har høyrt det før? Det var ein herleg opptur i 2.omgongen mot Tromsdalen. (1.omgongen mot NIL Trysil var ok den og.) Påfølgande sjølvskryt er klassisk, enkel og kanskje god, trenarpsykologi. Kanskje. Kva veit eg. Marit Breivik veit mykje. Ho sa litt om slikt på Skei nyleg. Fotballfolket brukar energi dårleg og har i overkant fokus på alt dei må bli betre på. Dei gløymer for lett det dei er gode på. Ja, det stemmer nok. (Typisk norsk. Og korleis kunne laget gløyme så mykje så fort frå vårsesongen?) Difor. Når Emberland slo fast at vi valsa over Tromsdalen, so tenkte eg mitt.
Han har gått på skule. Første impuls var at han kanskje berre fekk sett halve kampen medan han trava fram og attende og spekulerte. Vev-tvsendinga mi hakka sopass at eg mista litt eg og, som helst tykte at lykkefrøkna smilte igjen på overtid. Men det er greitt. Gløym slurvete dødballspel med håplause baklengs, tidvis tannlause avslutningar og innlegg. Fokuser på betring i guts, tempo og driv framover med tilløp til briljans. Men ordet ”flatterande” hadde ikkje eg prøvd meg på i etterkant.
Berre eit forbetringsområde var (kanskje) lov å ta tak i om gongen. Mitt ønskje er at Håvard innkallar alle avsluttarane til personleg ekstratrening og coaching på dødball og innlegg frå kant. Å finne/lage seg rom er ikkje lett. Å skubbe seg på gode midtstopparar er enno vanskelegare. Å avslutte med toppetasjen krev og litt terping. Men det må drillast iherdigare enn no. Ok innlegg ser dårlege ut når dei som skal ta i mot står i ro med hælane i bakken. Elles er det berre å sjå over den sjølvkomponerte skrytelista.
Sjølvmedisering gir og sjølvtillit. Har kvar spelar no sin dvd?
Gode andrelagskampar som 8-1 mot Stryn kan hjelpe.
Huseklepp såg nyleg på sin skryte-dvd for å huske korleis det skulle gjerast mot Odd. Det hjalp. Årdølen som tidvis briljerer igjen (og andre) må gjerne prøve det same. Hjelper ikkje det og videomaskina streikar so får han i desperasjon ta til takke med tanken på tre heldige tunnelar han slo i same kamp på ein håplaus Øykamm-spelar i Kjempenes Liga 2007…
Nest-Beste fotballklubb på nett
Sju klubbar i fylket er med i tevlinga om å bli landets beste fotballklubb på nett.
Eg er skuffa over at godt innhald ikkje vert prioritert høgare. Det er nesten litt provoserande at komiteen (?) greidde velje sju nettstader frå fylket utan å ha den beste med. Over fleire år har Haugen Fotball sine sider vore mi desidert beste kjelde til fotballinformasjon i fylket. Det er kjekt med stilig design, mange klikk, nye funksjonar, twitter og vevlogg (med til dømes ca 1,1 aktiv deltakar). Men innhald bør enno vere kongen på haugen. :-)
Elles er kandidatane bra dei og eg er godt nøgd med nivået på heimesider sjølv på nedste nivå.Videosnuttar i etterkant av kampane hadde gjort seg på dei fleste av dei ”beste” og.
Apropos internett. Mi tidleg annonserte usemje om ”Klikkrigen” og pengane i Mediepotten har drukna i andre økonomisaker, men den er så vidt i gong. (Det om ”tulleoppslag” ignorerer eg sjølvsagt). For å bli landets beste på innhald har eg no eit forslag til kven fylkeslaget Sogndal bør be pent om allianse med...
Øyvind