Yngve Hallén er dagleg leiar i Sogndal Fotball og styremedlem i Norsk Toppfotball.

Han er fødd i 1968 og er oppvaksen i Nordhordland. Han kom til Sogndal seint på 80-talet og har sidan vore med og sett sitt preg på bygda. Først som studentleiar, så som offentleg byråkrat og journalist i lokalavisene Sogn Dagblad og Sogn Avis.
Karriera i Sogndal Fotball starta som frivillig i støtteapparat på midten av 90-talet. Tilsett frå 1997, først som dagleg leiar for dotterverksemdene Sognahallen og Idrettssenteret. Dagleg leiar for Sogndal Fotball frå hausten 2000.
Ved tusenårsskiftet var han varaordførar i Sogndal Kommune parallelt med å vere fotball-leiar.
Hallén er i dag ein røynd næringslivsleiar i fylket, ein rutinert forhandlar og ein fotballeiar med kontinuitet.