Sogndal Fotball har hausta kritikk for å ha feil fokus dei siste åra. Sjølve har vi vore oppteken av å ha rett fokus til rett tid. Å satse på anlegg og infrastruktur var rett. Samstundes har vi hatt fokus på talentutviklinga. Vi skal vere desidert best på sportsleg utvikling av unge talent.
Eg er samd med dei som stiller store forventningar i år. Tida er komen for å hauste. Men utan målretta satsing på talent og anlegg hadde verken vi eller folk rundt oss hatt desse forventningane. Utan gode anlegg og talent overlever ikkje Sogndal som ein toppklubb.
Det har kosta å gjere denne satsinga. Men oddsen for å lukkast har vert der, og vi har sterk tru på utbetaling i 2009.
I klubben har vi ei realistisk og nøktern målsetjing. Vi skal ta minst 55 poeng. Minst eitt meir enn i fjor. Målsetjinga er forankra i spelargruppa, administrasjonen og styret. Altså ingen jubelsesong, men ein sesong med god tru og stor entusiasme.
Entusiasme har vi i år også rundt publikumsprosjekta. Gjennom styret sitt strategiarbeid i 2008 vart nye publikumsprosjekt løfta fram. Under leiing av arrangementssjef Geir Inge Heggestad har desse teke form. Responsen har vore enorm. Studentmøte med Nils Arne Eggen, 100 med årskort på ungdomsfeltet, 130 på jentetreff med Mats, Piotr, Lars og ein smørblid herr Olsen. Dette er berre starten.
Vi har teke nokre val. Langsiktige val. Dei kan eg som leiar stille meg 100 prosent bak.
Me e med!