Sogndal Fotball

 


Du er her : Startside  »  Publikum  »  Jentelosjen 20/100

Jentelosjen 20/100

 

”Jentelosjen 20/100" er i full gang! Mange jenter har hatt flotte kampopplevingar på Fosshaugane Campus før, men framfor 2009 sesongen har dei organisert seg - på sitt vis.
 
Jentene er i alderen 20-100 år. Dei hadde sitt første møte ein fredagskveld i mars 2009. Her var det lett underhalding, moteshow, lett servering og mykje latter. Her var alle fotballekspertar - både dei som hadde spelt fotball og dei som berre ville vere saman og ha det kjekt.
 
Jentene har eiga losje og annonserar at dei i løpet av sesongen 2009 vil ha ulike temaer før, under og kanskje etter kamp.....
 Jentene har også eige felt på tribunen. Enkeltbillettar her kostar kr 150. Om du ynskjer å få med deg heile sesongen på jentelosjen sitt felt, er sesongkort tingen. I 2009 kostar dette kroner 1490,-
 
Du treng ikkje nødvendigvis sitje på jentefeltet for å delta i jentelosjen før og etter kamp.

 

For alle som melder seg på, vil få ein gratisbillett til fyrste heimekamp etter innmeldinga. Deretter kan du hente ditt eige medlemskort i billettluka på stadion, slik at du sikrar deg rabatterte prisar på jentefeltet for resten av sesongen. Det er ingen forpliktelsar med dette, og ein vil gjennom året få jente-epostar med nytting informasjon om prosjektet og kva som skjer i gruppa.

 

Initiativtakarane til Jentelsojen 20/100 er Aud Inger Sviggum, Gunnhild Bøyum, Hildegunn Hove og Rita Navarsete. Dei har jobba med dette prosjektet i heile vinter og vil gjerne ha DEG med på laget. Du kan kontakte dei på jentetreff@sogndalfotball.no eller mobil 90 19 16 09

 


 

Bli med!:
Jentelosjen 20/100 er ope for alle jenter mellom 20 og 100år. For dei som er eldre blir søknadane positivt behandla svært kjapt! For å bli medlem gjer du følgjande:

 

Send kodeord JENTETREFF [mellomrom] epostadresse og namn til 2229
 

eller fyll ut skjemaet:

 




Send      

Skriv ut  

Sogndal Fotball - Postboks 164 - 6851 Sogndal Tlf: 57 62 90 00 - Fax: 57 62 90 01 - E-post: post@sogndalfotball.no - Redaktor: Egil B. Mundal | Admin



Sparebanken Vest Lerum