Studentadn
Studentadn er eit av mange namn som studentavisa i Sogndal har hatt. I dag heiter avisa Røynda og skildrar studentlivet i bygda.
Fotball er ein vesentleg del av å vere student i Sogndal. Dette gjeld om du trenar saman med Studentspretten i Sognahallen, spelar på eit lokalt lag eller berre diskuterar fotball på studenthuset Meieriet.
Ein stor del er jo også å være supportar. Tilflytte Sogndalsstudentar som kjem frå Trondheim, Oslo eller Bergen har kanskje ikkje Sogndal som lag nr1, men trufaste supportarar på Fosshaugane er mange av dei. Fotballkamp er sosialt og spanande, og veldig mange har latt seg sjarmere av laget frå saft- og studentbygda Sogndal.
For at dette også skal vere ein møteplass for studenadn i bygda har studentane sin velferdsorganisasjon, Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane, teikna ein avtale med Sogndal Fotball. Dette gjev studentadn billigare billettar og eige felt på Sognekrafttribunen (hovudtribunen) på Sogndal sine heimekampar.
Som student er du hjarteleg velkomen til ei topp oppleving.