Tuvefritt kunstgras?

Sommarsol på ferietur

Øyvind Heimset Larsen

Min første feriedag vart ein særs vellukka fredagstur til Haugesund. Fjordturen til Bergen var perfekt, nett som saftkokarselskapet på bil og ferje- reisa vidare og supporterkulturutvekslinga med bryggeliv før kampstart. Laget på bana presterte godt og om lag 45 på bortetribuna jobba høglytt på same lag. Alt dette i strålande sol. Det var moro. Det kan knapt bli betre.

Saftkokar Lomheim illustrerer livsnytinga.

Bortekampar er særleg artige i år. Folk gler seg til Røkkeløkka neste helg. Heimekampane er det verre med. Men når gode, spelande lag som RBK og Strømsgodset kjem på besøk presterer Sogndal truleg betre igjen på nytt eviggrønt kunstgras. Dette er nesten like merkeleg som ein del av avslutningane på nytt kunstgras. Trakkegjengen får ta eit siste oppdrag i å leite etter sandtuver i plasten framfor måla.

Nettsider er heller ikkje lett.
Sogndal og dei andre laga har "fått" nye nettsider og medieplattform. Eit engelske verktøy er nytta på alle norske toppklubbnettsider. Suksess? Eg er ikkje heilt overtydd. Nytt design eller innpakning er ikkje det verste i klassa, men eg håpar klubben i vinter brukar tid på ei fargejustering.  Funksjonar og nytte bør vere god i høve dei mange harde konkurrentane med liknande system. Det er då merkeleg med overskrifter som må vere på fire ord eller kortare for å unngå sensur.  Lasting tek tid og eg finn ikkje lett alt eg ser etter enno, slik som terminliste med neste kamp for Sogndal2 og nokre av bileta på spelarprofilane har feil. Det ligg mykje arbeid i å få overført innhald, få lenker til å peike på rett adresse og lære avanserte funksjonar og ta dei i bruk. Kanskje kan eg snart for første gong legge inn eit bilete direkte i teksten sjølv? Det vert jo bra.



Og klubben har lukkast mykje betre enn Saftkokaradn til no. Dei siste par åra har aktivitet, informasjon og "sjela" lege i diskusjonsforumet. (www.saftkokaradn.com/forum) Dette er mykje besøkt, har ein del siste nytt i høve andre kjelder, har mange heftige diskusjonar, men ikkje so mange aktive debattanter som eg skulle ønskje. Nettsida skal bytast ut og vi har avtala med ein støttespelar å ta til på å få det gjort i august. I mellomtida har det store dugnadsløftet i år hatt si eiga nettside (http://www.supportercup2012.com/). Den årlege supportercupen for alle supporterklubbar i landet vert i september arrangert i Sognahallen og den har hatt ei aktiv og god prosjektgruppe. 


Galskap i år og
Pengegaloppen når nye høgder. Våre håp om effektar av nye finansielle fair play- reglar heng i ein syltynn tråd når tidlegare kronisk skadeplaga spelarar- etter eit godt år- eller spelarar nokså seint i karriera skal kjøpast og driftast for over ein halv milliard kvar.
OL-fotball passar ikkje inn og eg slit med å sjå entusiasme for dei forsterka u23 laga. Unntaka er sjølvsagt at det er viktig å følgje Badji og lokale talent i U-VM
. OL-fotball vert mest eit utstillingsvindauge for unge spelarar og genererer neppe inntektsløftet eg trur IOC venta på. Andre er samde Produktet er jamnt på linje med treningskampar som no turnerer alle kontinent parallelt for å selje t-shorter. Det er no norsk fotball skal kunne råde grunnen.

Produktet norsk fotball
I sommarmånaden i år kom det meir enn agurkdiskusjonar med sommarregnet. Ja, det er rett fortvilande å følgje utviklinga av det norske fotballproduktet for tida. Nei, då er eg ikkje mest bekymra for den leie kampfiksingsaka og eit jukseomdømme. Det er ei trist sak der politiet tek tak og det vert rydda opp - om enn idyllen er borte. Prising og kamptidspunkt er viktigare for framtidig oppmøte.
Omdømmet toppfotball har når det gjeld kvalitet bekymrar meg mest. Som før er eg sterkt i mot den enklaste "løysinga". Det hjelper ikkje å redusere talet eliteserielag
. Så fort ein spelar slår gjennom skal han "ut" frå alle lag. Ut i verden. 15-åringar i privatfly til Østerrike med agenteskorte. Veslebror vil etter so snart storebror er reist. Få (ingen?) klubbar held nokon att. Det er eit problem. Du må gjerne irritere agentar igjen som i vår, Siem. Både der og på haldningsutvikling har du mi fulle støtte.
Jostein Flo har og rett i at "krisa" no har gjeve norsk talentutvikling ny driv. Det tek tid (dvs meir enn ni kampar), men resultata er på veg. Sogndal leverer som vanleg eit par-tre døme på dette. Nei, NFF. Å eksportere resultata ut snarast medfører ikkje betre norsk fotball
. Dei som lukkast blir verande der ute. Vi ser dei att her heime seinare eller etter ein smell. Brann har fått attende sin bortkomne no. Dyrt, men det skapar venteleg entusiasme.

Det mest fortvilande i sommar er å lese om dei best betalte, dei tidlegare best presterande, dei som skal levere underhaldning i dei største fotballaga vi har viser amatørfakter. Når eit par av dei vert stempla som overvektige frå sine eigne og fleire vert ferska på sein bytur rett før eige laget skal ha kamp. Då er det grunn til å fortvile over omdømmet, over om det er nok prestasjonssvolt på toppnivået. Heldigvis tel kalde fakta når vi skal gjere opp status. Europacupkampane har til no synt framgong for norsk fotball. Vi får tru det held fram, at dette er unntaka media har funne og at dei beste ikkje er nøgde med feit lommebok og kongetilvære i lokalt uteliv.
 

Prioritering og modning
Andre prioriteringar respekterer eg når drivkraft for å bli betre er sterk, men verken pengar eller proffliv freistar.
Andre gonger er det ein modningsprosess som går rette vegen, mellom anna for unge Sogndal-spelarar. Ein tankevekkjar.
Sogndal gjer rett i å jobbe med gode kosthaldsvaner.


Øyvind

Publikum
Siste nytt
Kun 100kr for billetten mot Lillestrøm!
Me feirar studentstart og Fjell- og Fjordmoro den 24. august!
Mahatma Otoo Viking
Siste nytt
Sogndal 2 senka Larsnes/Gursken
7-1 sigeren sendte laget à poeng med Aalesund 2
Øysten Lillesandbu med salto etter skåring
Siste nytt
Sogndal 3 med braksiger over Dale
Kampen enda 7-2 til Håvard og Håvard sine gutar
Petter Strand Viking
Siste nytt
TV: Høgdepunkt frå kampen
Viking - Sogndal 4-2

Adobe Flash-plugin påkrevd

Denne sida krev Adobe Flash-plugin. Klikk her for å lasta ned nyaste versjon av Flash Plugin.

Sjå fleire videoar

Kun 100kr for billetten mot L...

Sogndal 2 senka Larsnes/Gursk...

Sogndal 3 med braksiger over Dale

TV: Høgdepunkt frå kampen

Tap i Stavanger

Laget mot Viking

Kampar

Sjå alle

Partnarar