arasen Konferansesenter Romerikes Blad

Frå superenkle terningkast til vitskap på kunstgraset

Blogg frå Øyvind Heimseth Larsen

Øyvind Heimset Larsen

Takk til Mohn og Navarsete for at vi kan redusere den superenkle forskinga!

Superenkel forsking del ein er frå VG: Enn kva om vi treng om ein typisk målskorar?
Det kjem mykje rart og gale av utspel frå fotballfolket. Ein sjeldan gong må eg lese avsnitta i sjølv gjennomført superenkle medieoppslag tre gonger. Det hender særs sjeldan. Det hender her i VG-artikkelen om fem spissmål på siste 41 kampar. Superenkel forsking ”dokumenterer” behov for spissare spissar.
 
Her kjem gullkornet frå ”Ulrik Flo: - Sogndal har alltid manglet en typisk goalgetter” Ehh. Du Ulrik… FLO… Byfolk skjønar ikkje ironi. Dette er ikkje superenkelt nok. Håvard, Tore Andre og- når han er på besøk- Jostein. De har løyve til å by junior på vennlege, men bestemte Pondus-knokar med mykje kokos etter behov. Det er nær ei plikt!
 
Superenkel forsking del to er frå meg
Eg var i Florø og Bergen og har sopass lite triveleg å formidle om innsats og prestasjon i kystbyen og i andreomgongen mot Brann at det er like greitt eg let det vere. Med litt marginar og spissare spissar hadde vi vore høgt på tabellen. Siste halvdel av vårsesong var for variabel. Første halvdel var glimrande, både på bana og på tribuna. Forskingsrapporten er levert.
 
Superenkel forsking del tre: Terningkast og kalveslepp i lokalavisa
Evaluering av lagprestasjon og spelarstall går det sport i. Det fenger folket frå redaksjon og til fjøs. Familien Teigen i Øvstedalen har greie på fotball og kalveslepp. Kalven Ulrik var godt likt fordi han er høg, mørk og frå Nordfjord. Det forstår eg godt... Elvira var kanskje ikkje eit blinkskot, men Henrik som liten og kjapp kalv var treff. Kaptein Eirik vart passeleg hardt vurdert. Dagrosbileter i lokavisene er elles eit sikkert sommarteikn, når alt anna sviktar.
 
Eg tykte familien Teigen gjorde det betre enn Sogn Avis som 26.mai delte ut terningkast der stort sett alle fekk likt betalt- mellom 5 og 3+. Terningkastskalaen går frå 1-6. Lagprestasjonar og utvikling vert ikkje vurdert. Spelarar som ofte har fått siste kvarteret var heller ikkje vurdert. Administrasjon og arrangement er ikkje i det heile kommentert. Ikkje den 12.mann heller.
 
Mi superenkle evalueringsforsking har følgjande resultat:
Laget: Tabellplasseringa er godkjent med tre lag bak og so kort veg oppover på tabellen, mange gode bortekampar, gode enkeltomgongar og tidvisbra spel (sjølv i Brann-tapet). Kollapsar og cup trekkjer ned. Terningkast 4.
Trenarstaben: Imponerande omstilling til spelande fotball, sunne matvaner og positiv tankesett. Sogndal 2 er i godt driv mot opprykk. Minus for taktiske bytte og benking eg ikkje forstår bæret av. 4
Spelarstallen: Eg suplerer berre Sogn Avis på topp og botn. 1 Udjus, 6-. Han har vore strålande, sjølv i kampar utan siger som mot Rosenborg. Arsenalobjekt. Den største tabben skuldast speeker. Patronen, Furebotn: 5+. Innbytarane avisa ikkje våga evaluere: Tore Andre, 2-. Han har skuffa meg stort i år og bidraga på trening tel mest. Holsæter burde og levert betre, særleg i Florø,3-. Talenta Skaasheim og Valsvik har tatt store steg. I høve Sogndal-formelen SKAL dei spele for å utvikle seg fordi vi trur på dei.
Den 12.mann, 4- . Særs god støtte på fleire kampar enn i fjor og tidvis stor stemning, er blant dei få med medlemsauke nasjonalt, bra på tifo, bra på mediekontakt, men slit med å få bussane til å gå til borteoppgjer. God på inkludering, takhøgd og kvinneandel.
Administrasjon, 4-: Bra sportsleg team er henta inn. God strategiprosess i klubben, flott forskingssatsing og nytt underlag ute og inne er sikra, ok mediehandtering til no i år, kan enno jobbe med kampopplevinga og sponsormarknad. Samarbeider godt med den 12.mann, men slit med møtereferata. Gutteklubb.
 
Supervanskeleg forsking på Digital Arena
Trond Mohn og Rolf Navarsete imponerer igjen! Takk for investering i framtida her! Det er berre å applaudere at Talentfabrikken vert fornya med ny teknologi og drive framover i eit sterkt veksande Campusmiljø som vil noko. No skal vi måle og forske vitskapeleg på alt som skjer på kunstgraset. Det nyttar ikkje gøyme seg lenger!
 
Talent og trening
Talentfabrikken må likevel ikkje gløyme det Florø har fått til med tre kull talent. Superenkel forsking tilseier at talenta også i Sogndal skal trene mykje, med gode trenarar, over lang tid, ikkje starte for seint og med gode mat og søvnvaner. Sjølv trur eg mest på allsidig trening i unge år, men det må de gjerne og forske på.
 
God EM-ferie!
 
Øyvind
Taijo Teniste - Haugesund 2012
Siste nytt
Før kampen: Haugesund - Sogndal
Måndag 1. pinsedag ventar ei ny motstandar på utebana.
Jubel
Siste nytt
Gratulera so mykje med dagen!
Noregs nasjonaldag 17. mai!
Malick Mane mot Godset 2013
Siste nytt
Tap mot Godset
Det vart 1-3, men gutane gjorde ein god innsats mot det beste laget i Noreg.
Publikum
Siste nytt
Vekas produkt i SogndalBui!
Sommaren nærmar seg, mange kjekke tilbod i supportarbutikken.

Adobe Flash-plugin påkrevd

Denne sida krev Adobe Flash-plugin. Klikk her for å lasta ned nyaste versjon av Flash Plugin.

Sjå fleire videoar

Før kampen: Haugesund - Sognd...

Gratulera so mykje med dagen!

Tap mot Godset

Vekas produkt i SogndalBui!

Laget mot Godset!

Kampdag!

Mest lest
Fornying av sesongkort 2013
Framgangsmåten for å fornye ditt sesong...
Treningskampar vårsesongen 2013
Oppdatert! Slik ser sesongoppkøyringa u...
Oppstart for Miniakademiet og Akad...
Første luka i julekalendaren er op...
Me slo Enga!
Me har slått Lillestrøm!

Kampar

Sjå alle

Partnarar