So SMIL no då!
07.09.2012 - 09:13 ( Last updated 07.09.2012 - 12:22 ) - Eldar Skjeldestad Åsebø
Eg smiler… usikkert.
Klubben held smilekurs. Kva anna kan dei gjere? August vart ein trasig månad. Lite godt lagspel gav lite poeng og lite god stemning. Men eit smilekurs i Årdal arrangert av Sogndal? ”Smiler du so vinn du!”. Ja, eg las og smilte godt! Men ok. Både industri og fotball har godt av kurset. Denne ”gjer som oss” formaninga slo lett andre næringlivssråd i sommar. Signeringane av Santos og Karadas gav ein glad gut to strålande august-smil til. Men elles har det helst vore usikre smil å sjå før kvar kamp.
Om de skal halde nye internkurs no, så inviter gjerne ein journalist frå lokalavisa og underteikna. Saftkokarforumet var venteleg ”irritert” over kampleiinga og få der smilte over poeng sjølv mot serieleiaren. Dette bleikna mot Sogn Avis sitt første kampreferat. Merkeleg at eg ikkje lenger finn artikkelen att på nettsida. J
Saftkokarand måtte avlyse det årlege cup-arrangementet på vegne av Norsk supporterallianse. Det har aldri hendt før. Årsaka var mange avmeldingar siste veka. For ein nedtur. Kan det ha vore forventningspress? Kommunen sa i eit lite søknadsavslag at dette var eit idrettsarrangement og at supportarar i saftkokargensar er idrettsutøvarar. Våre gode venner som renn opp og ned av Storen- sommar som vinter- ville leike på kaia samtidig som vi dreiv idrett. Desse vart vurdert som amatørar med hobby. Eg smilte so tårene trilla. Vyrde kommune. Ta ei synfaring på G-feltet på neste heimekamp J
Feriefotball?
Det er vist ikkje bra med ferie for Sogndal. Energi forsvinn når ballsparkarar slappar hard av og smiler for lite. No er det landslagspause før neste ”finale” i Fredrikstad, og spelarane har etter sigande fått langfrihelg. Kanskje er det ideelt. Eg håpar likevel å sjå eit par av dei i forsiktig UTE-aktivitet på eige initiativ. Det er skremmande sjeldan eg ser dei i anna enn organisert aktivitet i hall, på Kvåle og på treningssenteret.
Eg er trygg på at trenarstaben stiller krav, men ekstra skottrening må til for einskilde. Ja, eg er amatør og bommar skuffande ofte grovt på mål. Men ikkje SO grovt som nokre i siste heimekamp. Korleis greier profesjonelle i tilsynelatande i balanse å lempe avslutningar so hardt, høgt og langt over stadionseta og so til sides for mål i frå god posisjon? Det var so gale at eg berre måtte smile.
Haldningar
Overgongsvindauger krev meir enn eit smil i veka for å takle. Systemet har mange aktørar, og nokre høyrer vi meir frå enn andre. Det var litt trist, men eg måtte til slutt smile av sirkuset i Sogn Avis. Du let deg lokke for lett utpå glatt is av journalisten om du var aldri so prinsipiell, Egil. Men det ER rett at Sogndal og opphavsklubbane skal sitte att med noko ressursar for håpefulle heldigvis lukkast her i å ta steg vidare. Truleg er ikkje dette tankar de framover får alle med på. Klubbane må ordne det sjølve. Til dømes SLIK! Eg vil sjå Valsvik på bana att. De har å komme på talefot.
Haldningskrav bør NFF ta eit initiativ på medan dei er i gong med å lære landslagsspelarar nasjonalsongen. Det kan godt og omfatte klubbar som ein del av Fair Play. Norsk fotball har heldigvis eit par lag med vidare i Europa, men vi går vist ikkje med overskot i år heller. Både på topp og botn er det minus. Still krav og gje det konsekvensar. Haldningskampanjar smiler eg av.
Øyvind

