arasen Konferansesenter Romerikes Blad

Beste laget i Noreg per krone!

Blogg frå Øyvind Heimset Larsen

Øyvind Heimset Larsen

 

Meirsmak
Tabell-leiing gjev meirsmak. Tabellen lyg ikkje heilt etter fem kampar. Skadane er mange, men troppen er brei og laginnsatsen stor. Suppekøkritikarane Mini og Davy ligg no langflate. Det er herleg! Etter ein god start og tre brotne barrierar på bortebane trur eg framleis Sogndal i år som i tidlegare år vert best i haustsesongen. Få av oss syng ”gullet skal heim!”. Men ”Beste laget per krone”… der er vi alt i år og!
 
Mot Odd storkoste dei heldige på tribuna seg, diverre utan Hallingkokarbuss. Dei tilreisande naut toppoppgjeret i Trondheim. Vi på sentralstasjonen etterpå var nøgde - begge to… Framover vert det oftare organiserte reiser for å sjå eit Sogndal-lag i borteform. Neste fellesbuss går til Strømsgodset 6.mai. Eg ventar entusiasme og fleire turvenner etter ei stor oppleving på Ullevål. Jobben vart gjort på bana, men vi på tribuna la og inn ein dugeleg Saftkokardugnad med jarnrive på Ullevål-enga.
 
Dette skal ikkje skje ofte, men eg må skryte av god kampleiing på både Lerkendal og Ullevål.
 
Molde, Strømsgodset, Viking, Brann- berre kom ann!
 
Du er evig i 3D, fotballdykkar!
Ein ballsparkarar djupdukka då vindgufsen råka . Ja, moderne stadium dykking finn du sjeldan på konsert. Men på ”høgt” løkkenivå hoppar både små og store sterke, grundig tatoverte karar med panneband, fletter og kvite sko breitt og ivrig. Kunne dei stupt under grasmatta innanfor straffefeltet ville dei gjort det. Heldigvis ser du det helst i England grunna vanskeleg vindtilhøve der borte, tenkte eg. Nok eit døme på at ikkje alt er verst i norsk fotball. Snublinga her skuldast kupert vårterreng og hovudskadar etter duellar er det vi slit mest med. Men so kom 5.serierunde, og merkeleg oppmoding frå David Nielsen om aktivt albogebruk. Innfør heller hjelmpåbod etter hjerneskaking. Det får våge seg med sveisen. Du er uansett på tv. Viktige kampar og situasjonar både kan og vil bli lagra og gjerne vist i 3D, til nytte for både suppekøkritikarar, dommarstand og folket. Unngå difor djupdukka.
 
Korleis fylle tribunene?
Det som ER verre her er kampopplevinga, trass trong seteplass i PL. Særleg på dei første vårkampane. Det er kaldt på kamp og godt med plass på arenaer kring i Noreg. Nei, er førelsler ikkje oppvarma seter. Men eit kamp-pledd til ti kroner frå Jysk hadde gjort seg for dei som vil sitje i ro. Berre det å vite at du slepp fryse. Eg trur satsingsgruppa barnefamiliar tenkjer på slikt. Og for ikkje å snakke om frosne damer… Til og med trenar Andresen trakk på seg pleddet på nesten tomme Ullevål. Han hadde det då elles heitt om øyra. GRATIS kaffi og varm Lerumsaft frå ryggbehaldarar midt i første og andre omgong hadde vore ei billeg investering i oppleving og vertskap. Kanskje kunne Campus då for fyrste godt bli kledd i svart og kvitt på alle felta? Eit fargasitteunderlag hadde og gjort seg.
 
Spelkvaliteten klagar mange på. Vel, toppfotballsjef Semb. Klag ikkje på tal tippeligalag. No har vi sett eit par "storoppgjer" som VIF-Viking og Molde-Brann. Nei, du løyser ikkje ut potensial verken i Oslo eller i meir fotballinteresserte områder med å kutte ne på tal lag. Det blir ikkje betre før profilar blir verande i landet også ETTER at dei er attraktive. I det minste bør dei snarleg hentast attende når dei berre er stallfyll der ute. Bergensarane gjekk på stadion for å sjå Huseklepp sjølv då Brann underpresterte som lag etc.
 
Hovudstaden treng ei byrivalisering som no ikkje eksisterere med unntak av ein liten cup-kamp i år. Bevis finn du i det herlege, ferske tv2 -formidla oppgjeret Florø-Førde (by mot bygd, ja), samt i mindre viktige derby i eit par engelske byar. Har du sett statistikk på at færre lag spelar betre? Skotland?
 
Poenget er: Brukbart spel er ikkje nok på so kalde dagar. Sjølv ein øl til familiefar vil ikkje varme nok. Kampopplevinga PÅ tribuna må NFF jobbe meir med.
 
Lokalfotballen
Eg ventar mykje av sesongen i år. Seriedebuten ser bra ut for gledeleg mange av dei lokale laga.
 
Øyvind
Malick Mane mot Fana 2013
Siste nytt
Målrikt i Vik
Det vart 5-3 siger mot Fana i treningskampen
Laget
Siste nytt
Laget mot Fana
Her er dei elleve som startar kampen i Vik klokka 18.00
Eirik Skaasheim mot Fana 2012
Siste nytt
No brakar det laust att!
I kveld klokka 18.00 møter me Fana i Vik, og Tom snakkar litt om treningsveka, kampen i k...
Ruben Holsæter - VIF
Siste nytt
Ruben signerar for tre nye år
Førdianaren håpar å gjere det godt i saman med Sogndal dei neste åra.

Adobe Flash-plugin påkrevd

Denne sida krev Adobe Flash-plugin. Klikk her for å lasta ned nyaste versjon av Flash Plugin.

Sjå fleire videoar

Målrikt i Vik

Laget mot Fana

No brakar det laust att!

Ruben signerar for tre nye år

Bana er stengd

Ricardo i skåringsform

Mest lest
Fornying av sesongkort 2013
Framgangsmåten for å fornye ditt sesong...
Treningskampar vårsesongen 2013
Oppdatert! Slik ser sesongoppkøyringa u...
Oppstart for Miniakademiet og Akad...
Første luka i julekalendaren er op...
Me slo Enga!
Me har slått Lillestrøm!

Kampar

Sjå alle

Partnarar