Snart sommartid
Solskinn og snøsmelting i god tid før påske. Eg rakk å investere i nytt skisett, men pytt. Graset vert grønt i vår til og med på Fosshaugane Campus. (Vågar du velje ein annan farge på kunstgraset i sommar, Mundal?). Eg likar det ikkje, men fjordåret viste kor nødvendig det er.
Og når Brann klagar må timinga vere perferkt.
Lokalradioen sette i fjor søkjelys på laber kampoppleving på Campus. Fullt hus er sjølvsagt den beste resepten, så den annonserte familiesatsinga er naudsynt. I år har funksjonærane gått smilekurs. Vakt skal bli vert, predikerte eit retteleg godt kursføredrag. Eg håpar det lukkast. Suksess krev familievennlege prisar for totalopplevinga med mat, billett, parkering, pausetilbod(?), supportereffekt(?!), kamp- program(!). Kr 2000 for ein familie som skulle på Holmenkollrenn er vårens til no grellaste døme. Tomme tribuner kjem då automatisk og fortent.
Draktrangering
Det hadde gjort seg med fornying på fleire områder. Synleg fornying er lettast å knyte til drakta. Aller først: Kunne klubben sterkare oppmode folk om å gå med draktene dei faktisk har kjøpt? Det er so trist å sjå sogningar i oransje regnjakker på heimetribuna mot Ålesund og raude regnjakker/gensarar mot Brann. Dessutan bør helst Umbro betale klubbane bra. Eg er diverre mykje samd med denne Viking-entusiasten om
rangeringa i eigen draktblogg (med unntak av at Viking og Sandnes Ulf kunne bytt plass)
Adidas, Nike, Puma, Legea er alle meir moderne. Kvifor? Krev i det minste litt oppdatering årleg av leverandøren . Treningstøy elles utviklar seg raskt og. Eit skifte vil medføre særs godt sal, vil eg tru.
Og til slutt kan klubben godt lære av engelske klubbar. Innfør ei retrodrakt. Gjerne i snitt 1976. Skal tru om det krev stor justering på noverande modell. Andre meiningar om publikumstiltak får vente.
Tabellsynsing
Sidan ”ekspertane” alltid har oss på nedrykk ser naturleg nok mitt forslag noko annleis ut. Som synsar får eg leggje hovudet på blokka eg og. Eit par tips krev forklaring. Molde- best stall og trenarstab, Enga- forsterka stall som underpresterte i fjor, Brann- bra førsterekkje utan bergensarar, RBK- sterk, men utan tidlegare vinnar-”attityd” og heimestøtte, Aalesund- midtbane, publikum og Rekdal, Haugesund- heimelag og godt angrep, Viking- brei stall, men kva driv dei med?, Tromsø- godt forsvar, men svekka angrep no (Årst er skadeutsett), Lillestrøm- ok stall men elles som Viking, Odd- god vår og so delvis opphøyrssal (økonomi..), SIF- Gode talent der vert ustabile, Sogndal- Kremt… som vanleg undervurdert, FFK- ok på våren og so opphøyrssal (økonomi!), Stabekk- Mykje talent og heime på Nadderud, Hønefoss: Bolli er god, men…, Sandnes Ulf: psykolog-trenar. Tipset:
1.Molde
2.Vålerenga
3. Brann
4. Rosenborg
5. Aalesund
6. Haugesund
7. Viking
8. Tromsø
9. Lillestrøm
10. Odd
11. Strømsgodset
12. Sogndal
13. Fredrikstad
——————————-
14. Stabæk
——————————-
15. Hønefoss
16. Sandnes Ulf
No kriblar det. Ramma for 1.serierunde er solskinn og håp. Sesongen er lang og med ”nytt” lag og trenar er det ekstra spennande. Litt uheldige
gåstoltendensar er det i garderoben no, men det går seg til og litt taktiske utspel er lov. Klubben kan hente ein ekstra no og i sommarpausen om det då trengs grunna skadesituasjon.
Vi overlever. Som bonus sler vi Brann igjen- på kunstgras.
SNP
Øyvind