Ny storsiger til Sogndal 2

Gutane gjennomførte ein solid kamp, og sigeren kunne lett ha vore endå større.

Stian Dyngeland

Det var tidvis einvegskøyring på ein humpete grasbane i Lærdal, og Sogndal 2 gav seg ikkje før det stod 0-8. Det vart fire mål i kvar omgang, og den einasta sjansen Lærdal fekk, vart redda av ein lærdøl. Leif Lysne hadde ein svært roleg kveld i målet.

- Gutane gjennomførte nok ein solid kamp, og hadde kontroll frå start til slutt, seier Sebastian Kaldestad til Sogndal Fotball, som legg til at nykommaren Anders Hella skåra hat trick i 2. omgang.

Sogndal 2 stilte med dette laget: Leif Lysne, Anders Hella, Gustav Valsvik, Bjørnar Hove (ut 55), John Jonasdal, Karsten Bjelde Jr. (ut 55), Peter Aase (ut 65), Stefan Aase, Stian Dyngeland, Asgrim Farnes (ut 60), Marius Salamonsen

På benken sat: Kristian Nornes (inn 60), Sindre Rydvang (inn 55), Sigurd Singelstad (inn 55), Jørgen Øy (inn 65)

Mål Sogndal: Dyngeland (Salamonsen) 21, Bjelde Jr. 24, Salamonsen (Farnes) 30, Dyngeland (P. Aase) 41, Hella (Rydvang) 68, Hella (Jonasdal) 68, Hella (Rydvang) 87, Salamonsen (Jonasdal) 88.

Thea Bjelde
Siste nytt
Andreas og Thea til Trondheim
Fire gutar og fem jenter frå SFFK er uttekne til NFF/STATOIL si regionssamling i Trondhei...
Ligastruktur
Siste nytt
Ligastruktur - Kva meiner du?
Det har vore mykje fokus på ligastrukturarbeidet. Her kan du få sei di meining.
Noreg U21 med Mathias Dyngeland 2014
Siste nytt
To tap for U21-gjengen
Tapte mot Kroatia og Belgia
Mathias Flo og Eirik Bakke, G19 NM vs. Hallingdal
Siste nytt
Bakke vil ha vinnarskallar!
- Sogndal rett opp att i Tippeligaen, seier Eirik Bakke til Sogn Avis.

Adobe Flash-plugin påkrevd

Denne sida krev Adobe Flash-plugin. Klikk her for å lasta ned nyaste versjon av Flash Plugin.

Sjå fleire videoar

Andreas og Thea til Trondheim

Ligastruktur - Kva meiner du?

To tap for U21-gjengen

Bakke vil ha vinnarskallar!

- Takk for meg!

Tusen tack!!!

Kampar

Sjå alle

Partnarar