Sesongoppsummering for Sogndal 2

Sesongen starta att denne veka, ikkje berre for a-laget. Sogndal 2 er også i gang att. Les oppsummeringa frå våren som hovudtrenar Rune Bolseth har skrive:

Trenarteamet er godt nøgde med den treningsgruppa me har på Sogndal 2 dette året. Me oppfattar gjengen som ambisiøse, trenings- og læringsvillege, noko som gjer det enkelt å vere fotballtrenar.

Dei som har hatt gleda av å vere i trenarteamet denne sesongen: Rune Bolseth (hovudtrenar), Jon Arild Halland (fysisk ansvarleg og ass.trenar), Vegard Hovland  (ass.trenar og spelarutviklar), Kåre Rutlin (keepertrenar) og Joar Solberg (oppmann).

Diverre så er Jon Arild Halland reist til Førde i sommarpausen så me får ikkje lenger nytta han på 2.laget. Jon Arild har gjort ein fantastisk jobb både som hovudtrenar og som fysisk ansvarleg. 

- Eg har hatt mange fine år i Sogndal, både på VGS og i Sogndal Fotball. Dei siste 3,5 åra har eg vore så heldig å fått vere ein del av Sogndal 2, og fått jobba med unge, gode og ikkje minst motiverte spelarar, seier Halland.

Me mistar ein arbeidslysten og fagleg sterk kar som blir vanskeleg å erstatte. 

- I tillegg til at eg har fått moglegheita til å jobbe med dei unge talenta, så har eg også nytt godt av det tette samarbeidet i klubben. Utan at eg har noko samanlikningsgrunnlag frå andre klubbar trur eg ikkje det er så mange andre stader at fyrstelagsapparatet gjev så mykje av seg sjølv nedover i systemet, avsluttar Jon Arild.

Lukke til i ny jobb som lærar på Hafstad vgs!


Det blei gjort store endringar på Sogndal 2 før denne sesongen. Etter divisjonsendringa der laget gjekk ned frå 3. til 4.divisjon bestemte klubben seg for å ha ei rein juniorgruppe. Me har ein spelar fødd i 1998, tre spelarar fødd i 1999, elles er alle fødd i 2000 eller seinare.

18673107_10155491245813678_3656307135661898210_o
Unge gutar i aksjon. Her vidare i G19 NM. Foto: Rune Sjøberg

Vårsesongen i Kretsligaen har vore litt ustabil, med mange overbevisande sigrar på heimebane og knepne tap på bortebane. Me ser likevel eit kjempepotensiale i denne unge gruppa, og i siste kampen før ferien kom fyrste sigeren også på bortebane. Sigeren gjer at me er i posisjon til å kjempe om opprykk utover hausten.


I tillegg til seriespel har me også hatt med eit lag i G19 NM. Me vann vinterserien i Sogn og Fjordane, noko som gjor til at me kvalifiserte oss til NM. Her er me klare til å møte Molde i 4.runde torsdag 10.august, etter at me har slått ut Florø, Åsane og Hallingdal i dei føregåande rundane.

18738515_10155491244713678_5191922864180873353_o
Eivind Helgesen, G19 NM. Foto: Rune Sjøberg


Sjølv om alle i trenarteamet og heile spelargruppa er interesserte i å vinne fotballkampar og gjere det best mogleg i serien, så er IKKJE dette det viktigaste på Sogndal 2!


Målsetjinga vår er å utvikle spelarar til å bli gode nok til A-laget. Ei enorm målsetjing når me snakkar om Eliteserien kontra 4.divisjon, og sjølv om nålauget er trongt så har ein lukkast med fleire spelarar dei siste åra. Siste tilskot er Ulrik Fredriksen som blei teken opp i mai og fått mykje speletid i Eliteserien allereie.

20170228_Sogndal - Spartak_06.JPG
Ulrik Fredriksen tok steget til Eliteserien i vår. Foto: Rune Sjøberg


Nokre statistikkar frå fyrste halvdel av sesongen:


-  X tal spelarar hospitert med fyrstelaget

-  Ulrik Fredriksen a-lagskontrakt

- Eivind Helgesen debuterte i Eliteserien heime mot Viking,
  og utteken på G16 sitt utfordrarlandslag.


- Sivert Mannsverk med i tropp i cupkamp borte mot Raufoss samt utteken     på G15 landslaget.

-  X antall spelarar fått speletid på A-laget i treningskampar.

- Gjennomsnittsalder kretsligaen: 17,5 år

Annonse: